Clemet vil kutte ut nynorsk

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200411 at pvv.ntnu.no
Tue Mar 16 15:41:02 2004


I artikkel <c36uq5$84i$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Leif Christian Larsen <leifchl@stud.ntnu.no>:

> Enig i "høyra", men hvor jeg kommer fra (Rogaland) sier vi ofte 
> "snakte". Og her er det helt naturlig. Så du kan tro / drømme om at 100% 
> av befolkningen hører at det er "feil" så mye du vil, men du tar feil. 
> For meg er det helt naturlig å si "snakte".

For meg òg (sunnmøring, slik som Ivar Aasen, om nokon skulle tru at 
verbbøyinga i nynorsk er sunnmørsk).

Men du klarer sikkert å høyra at «snakte» er feil i bokmål. Då klarer du 
sikkert å høyre det i nynorsk òg. :)

Det heile er jo eigentleg ei vanesak.

> Jeg overdrev selvfølgelig når jeg sa at jeg ikke klarer å relatere noe 
> fra nynorsk til min egen dialekt, men jeg klarer absolutt ikke å 
> relatere alt.

Nei, slik er det jo alltid, anten ein skriv bokmål eller nynorsk. Men som
nemnt ein eller annan stad (anten det var her eller på
no.fag.spraak.diverse eller begge stader): Det er vanen som avgjer. Det er
difor folk frå Stavanger tykkjer det er heilt naturleg å skriva «være» når
dei sjølve seier «vera», og det er difor trønderar seier «kjem» men skriv
«kommer». Eige talemål har forferdeleg lite med saka å gjera, noko Noregs
Mållag presterte å gløyma då dei gjekk over frå å vera nynorskorganisasjon
til dialektorganisasjon.

> Hvorfor skal du tvinge folk til å måtte lære noe de ikke vil, og heller
> ikke kommer til å få bruk for?

Tja, fordi at dersom du er studenten min, og har lært berre bokmål, og eg 
har lært berre nynorsk, so vil du få ein veldig morosam eksamen og ein 
endå meir morosam karakter? :)

Jardar
-- 
Ja til demokrati.
(Kjære rektor, fortel meg om eg bør fjerna denne signaturen.)