me-kjensla??

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200426 at pvv.ntnu.no
Tue Jun 29 17:26:03 2004


I Universitetsavisa er det eitt argument for flytting/oppsplitting av
Dragvoll-miljøa som eg tykkjer er særleg påfallande:

   "Det vil lette prosessen mot at NTNU skal oppfattes både innad og utad 
    som en enhetlig organisasjon, og ikke som et tvangsekteskap med
    separate soverom som i alt for stor grad er tilfelle i dag".

Me fekk ei kjensle av tvangsekteskap i 1996, etter det famøse og
ugreiingsfrie vedtaket i 1995, der korkje brud eller brudgom vart spurde
om dei verkeleg ville dette. Og kva skal vera medisinen mot denne kjensla
av tvangsekteskap? Jau, tvangsflytting og tvangsoppsplitting av henne som
vart gift bort og fekk tvangsendra etternamnet sitt.

At ei flytting naudsynleg vil føra til geografisk oppsplitting av miljø
som allereie samarbeider, gjer elles eit anna argument for flytting litt
påfallande:

   "Fysisk samlokalisering er en viktig forutsetning for daglig 
    samarbeid", skriver en innsender.

Ein annan innsendar hadde ytra at ved ei flytting vil ikkje Gløshaugen
vera eit symbol på den naturvitskaplege delen. Personleg har eg ikkje noko
imot at ulike fagmiljø kan få ha sine geografiske symbol, og eg vil i alle
fall ikkje flytta Dragvoll til Gløshaugen berre for å få has på
realfagsmiljøa. Men om problemet er at dette universitetet har ei
profilslagside (noko det jo har), so veit eg om noko som er både enklare,
billegare, meir effektivt og meir heldig for alle enn å heva
konfliktnivået og splitta opp miljøa:

Lat universitetet få eit ærleg og ikkje-villeiande namn, t.d.  
«Universitetet i Trondheim». Og lat gjerne den eine halvparten få eit
ekstra namn til bruk i det akademiske marknadsarbeidet, t.d. «NTNU» eller
«NTH».

Jardar