Normalfordeling med 5 kandidater!
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200422 at pvv.ntnu.no
Tue Jun 1 12:21:05 2004
I artikkel <slrncboi1c.jd9.karlmort@uranus.idi.ntnu.no>
skreiv Karl Morten Dahl <karlmort@idi.ntnu.no>:
> For meg virker det mer høl i huet å sensurere feks 1300 besvarelser i IT
> grunnkurs DOBBELT. Det holder fint med 50 eller 100.
Det er nok litt skilnad på fag der eksamenane kan basera seg på meir
eksakte kunnskapar (typisk nokre av faga særleg på Gløshaugen, men
sjølvsagt i varierande grad, alt etter fag og nivå), og fag der eksamen
gjeng ut på å testa sjølve den fagspesifikke resonnementskompetansen
(typisk Dragvoll, men òg i sterkt varierande grad). I sistnemnde tilfelle
er det ikkje alltid like viktig at sensor nr. 2 har faget som sitt
spesialområde, men sensor nr. 2 kan likevel vera uhyre viktig å diskutera
med.
Eg kjem rett frå eit sensurmøte no. Me var éin lingvist, éin fonetikar og
to litteratar. Fonetikaren er den som har hatt mest eksakt kunnskap å
sensurera. Lingvisten fann massevis av feil, gav pluss for gode
resonnement likevel, men skulle gjerne hatt nokon å diskutera med.
Litteratane hadde vore noko usamde om fleire av karakterane, men hadde
diskutert seg fram til ei semje. Skilnadene mellom dei tre faga på denne
eksamenen har sjølvsagt samanheng både med faga sjølve og med måten som
eksamensoppgåvene var formulerte på.
Jardar