Normalfordeling med 5 kandidater!
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200422 at pvv.ntnu.no
Tue Jun 1 09:51:07 2004
I artikkel <asbjorn.dyrendal.uffda-CE27E1.09020001062004@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Asbjørn Dyrendal <asbjorn.dyrendal.uffda@ikkespammeg.hf.ntnu.no>:
> Første forslaget hørtes ut som om referansepanelene skulle gjøre dette
> ved å lese besvarelsene, men det lar seg formodentlig gjøre å finne en
> litt bedre løsning. (Mitt forslag blir å gjeninnføre ekstern sensor -
> f.eks. på minimum 20% av besvarelsene elns.)
Før vart kvaliteten sikra ved at eksterne folk gjekk gjennom 100 %. Men
det er klart at både referansepanel og 20 % er meir enn dei 0 % som me har
råd til no etter Kvalitetstabben, so på sett og vis er det jo
kvalitetssikring, same kva me gjer som bryt med Kvalitetstabben. Om berre
éin einaste ekstern person seier eit lite ord om at årets oppgåve 2b var
litt vanskeleg, so er det uendeleg mykje meir kvalitetssikring der enn
elles.
Eg hadde denne parallellen ein gong med at dersom me borar tusen svære hol
i dika i Nederland, og deretter tettar 200 av dei, so har me tetta 200
fleire hol enn det me elles ville ha gjort, og då må det vera legitimt å
kalla det kvalitetssikring.
Jardar