"Du trenger ikke sende meldinger til alle"
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200404 at pvv.ntnu.no
Thu Jan 29 18:41:04 2004
I artikkel <slrnc1i99g.2bfc.olafb+news@bacchus.pvv.ntnu.no>
skreiv Olaf Trygve Berglihn <olafb+news@pvv.org>:
> En tanke som slo meg:
>
> Sånn rent hypotetisk, hva om det fantes usenet-grupper for alt dette her
> (med NewsPortal brukerfjes for Web-freaksen).
Jaaaaa!
Men det er eitt problem med dette. Og det er dei stendige monumenta som
politikarar og andre beist skal byggja seg i form av reformer og atter
reformer. Eit fag i dag heiter noko heilt anna i morgon, og fagkodane vert
oppdaterte oftare enn fagmiljøa klarer å utarbeida nye fag.
Kanskje det i NNTP-samanheng hadde vore greiast å halda seg til bokstavane
i emnekodane, og ikkje tala. Bokstavane LING (lingvistikk-emne) har
faktisk halde seg nesten uendra dei siste åra. Fyrst var det LING, so kom
det ei reform, og me fekk HFLING, so kom endå ei reform, og no heiter det
LING igjen. Tala har på si side (for det eine emnet) endra seg frå 1 via
101 til 1101/1102/1103/1104 (modularisering i siste reform). Held det fram
på denne måten, vil me om eit par år ha emna HFLING11001, HFLING11002
osb., og deretter LING111001, LING111002 osb., før Gudmund Hernes vert
minister igjen, og døyper Noreg om til Universitet under det påskotet at
det finst universitet i landet (vidareføring av retorikken hans frå 1995),
slik at universitetet deretter må heita UTNU, og aller helst få ny logo,
nye brevark, ny grafisk profil, nye teknologar på alle institutt (særleg
på Dragvoll), og so kan me alle taka kvarandre i hendene og lova: Nei, me
skal ikkje drepa politikarar med øks.
Dette tok litt av. Ja til fagnews med webgrensesnitt.
Jardar