it's not:learning

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200403 at pvv.ntnu.no
Tue Jan 20 15:21:02 2004


I artikkel <buj5fl$8nd$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Norvald H. Ryeng <ryeng@stud.ntnu.no>:

> Jeg antar ut fra Eiriks sitater at GPP har vært benyttet som konsulenter
> av LMS-prosjektet.

Eg prøvde ein gong å søkja støtte til eit studieprogram der eg tok i bruk
alle dei viktige flosklane på den tida. Tittelen var:

   «Strategisk kloning i pedagogikklingvistikkens informasjonsteknologiske
    teneste: eit spanande og tverrfagleg økonomistudium i kryssbefrukta
    religionselektrisk etikk.»

Eg hadde til og med skaffa samarbeidspartnarar. Diverre vart søknaden
levert litt etter fristen, og me fekk aldri noko svar. Heile søknaden funn 
du litt lenger nede her.

Det vert referert til http://www.nuts.edu, som ikkje finst lenger. NUTS
stod for «Norwegian University of Technology and Science», og hadde denne
føremålsparagrafen:

   «NUTS er en spennende syntese kjennetegnet av hovedprofilens ideer som
    utveksles og kryssbefruktes med seg selv gjennom de programmer som 
    ligger innenfor hovedprofilen, men også programmer som ligger utenfor
    hovedprofilen men som kan støtte opp under denne gjennom spennende
    samarbeid under seg selv, for slik å implementere et bredt tilbud av 
    en profil som rettferdiggjør institusjonens navn.»

Til NUTS kom det jamvel e-post frå studentar i utlandet som gjerne ville 
til Noreg og studera.

Under her fylgjer søknaden om studieprogram slik han såg ut.

Jardar
--------------------------------------------------------------------------
--------------------------------------------------------------------------


                                                                15.10.1998
Til Det sentrale utdanningsutvalet (SEUT) ved NTNU
v/ Eirik Lien <eirik.lien@adm.ntnu.no>

--------------------------------------------------------------------------

Framlegg til tverrfagleg studieprogram

Framleggsstillar:

Det sjølvutnemnde og strategiske interimstyret ved NUTS
<http://www.nuts.edu/>, i denne samanhengen selektivt representert ved
implementerande kverulasjonskoordinator Jardar Eggesbø Abrahamsen
<jardar@nuts.edu> og kverulert koordinasjonsprofitør Steinar Knutsen
<sk@nuts.edu>.


1. Tittel på framlegget

Strategisk kloning i pedagogikklingvistikkens informasjonsteknologiske
teneste: eit spanande og tverrfagleg økonomistudium i kryssbefrukta
religionselektrisk etikk.


Utfyllande skildring:

Studiet skal vera praktisk retta, og vil bruka dei høgt lovpriste metodane
til problembasert læring, i praksis gjennom bruk av ulike eksperiment på
fire stadium. Kvart årskull av studentar vil få vera med på eksperimenta
på alle dei fire stadia, men av praktiske grunnar vil forsøkspersonane
måtta variera, i og med at éin forsøksperson vil trenga 6-7 år på å gå
gjennom alle eksperimentstadia. Undervegs i studiet skal studentane læra
seg grunnleggjande teknikkar innan kloning, informasjonsteknologi og
elektroteknikk, og tileigna seg kunnskapar om lingvistikk, pedagogikk,
samfunnsøkonomi og religionsvitskap, samstundes som dei skal finna
strategiske implementasjonar av moralfilosofiske spørsmål som vil vera
direkte knytte til kvart einskilde eksperiment. Dette vil vera i samsvar
med det som NOU 1995:28 i kap. 2.3 og andre stader omtalar som
«kryssbefrukning».

Det konkrete problemet som skal løysast (og som slik vert grunnlag for den
problembaserte læringa), tek utgangspunkt i det å finna ut kva som er den
kritiske alderen for å læra det fyrste språket sitt, dvs. morsmålet.

Sidan me ikkje kan sjå bort ifrå at den kritiske alderen vil variera med
den genetiske handbagasjen (berre for å alludera til eit kjent dikt, og
slik trekkja inn litteraturvitarane), er dette ein variabel som må
kontrollerast. Dei fire stadia er då desse:

   1. stadium:
   Det vert klona ti identiske born.
   Dei ti borna vert plasserte på einecelle utan språkleg kontakt med
   omverda.

   2. stadium:
   Etter eitt år vert det eine barnet teke ut av romet sitt og vert
   utsett for språklege stimuli. Eitt år deretter vert det neste barnet
   teke ut, osb.
      Eventuelt kan ein frysa ned fostra og tina dei opp eitt for eitt med
   eitt års mellomrom, og når det yngste barnet er eitt år gamalt, kan
   me taka ut alle samstundes. Dette må avklarast før endeleg versjon av
   studieplan kan leverast.

   3. stadium:
   Dersom t.d. det 4 år gamle barnet lærer seg eit morsmål, medan det 5
   år gamle barnet ikkje klarer dette, so har me funne den kritiske
   alderen 4-5 år.

   4. stadium:

   No har klonane gjort det som dei skulle, og dei kan avlivast, sidan
   dei ikkje vil vera i stand til å fungera i samfunnet likevel, spesielt
   dei som ikkje lærde noko språk.

I tillegg til at studentane er med på desse fire stadia i fire ulike kull
med klonar, kan eksperimentet varierast alt etter innspel frå studentane
sjølve. Slik kan ein t.d. laga 100 identiske born til 10 ulike
eksperiment, og alle eksperimenta kan jamførast med kvarandre, nettopp
pga. det konstante genmaterialet. Evige studentar vil læra ekstra mykje.


2. Det tverrfaglege

Studieprogrammet byggjer på og femner om kompetanse og strategisk tenking
frå desse fagområda:

- lingvistikk/psykolingvistikk (den kritiske alderen)
- pedagogikk (språkopplæring)
- medisin og biofysikk (kloningsprosedyren)
- elektroteknikk (elektrisk stol i 4. stadium)
- moralfilosofi (implementasjon av etiske vurderingar som t.d. gjer at ein
  i humanitetens namn avlivar forskingsobjekta etterpå)
- samfunnsøkonomi (sidan ein avlivar dei uproduktive språklause)
- religionsvitskap (har klonar sjel og ein plass i himmelen?)
- informasjonsteknologi (alle eksperimenta skal sendast direkte på
  Internett)
- sosialvitskap (etterbruk, sjå pkt. 5 seinare i denne søknaden)


3. Forankring (involverte fagmiljø, gjerne personar)

- Lingvistisk institutt, stipendiat Jardar Eggesbø Abrahamsen
- Institutt for fysikk, Biofysikkgruppa, hovudfagsstudent Steinar Knutsen
- Institutt for datateknikk og informasjonsvitskap, student Helge Lund
  Kolstad
- Religionsvitskapleg institutt, hovudfagsstudent in spe og sekretær ved
  studentpresttenesta Anne Jorunn Midtkil Leirtrø
- Institutt for sosiologi og statsvitskap, student Håvard Strand
- Institutt for elkraftteknikk, siv.ing. in spe Eivind Fuglum
- Filosofisk institutt, NN
- Pedagogisk institutt, student Karsten Børve


4. Nytt

Den strategiske kombinasjonen av lingvistikk, pedagogikk, medisin,
biofysikk, elektroteknikk, moralfilosofi, samfunnsøkonomi,
religionsvitskap og informasjonsteknologi er unik i internasjonal
samanheng, og vil setja NTNU strategisk på kartet på meir enn éin måte.


5. Realisme (kvifor dette kan lukkast):

Stortinget har i lengre tid etterlyst strategiske og tverrfaglege
menneske, spesielt informasjonsteknologar, og dette i ei tid då mennesket
leitar etter seg sjølv på stendig meir strategiske måtar. Dei
uteksaminerte kandidatane vil utan tvil vera etterspurde i politikkens
teneste, medan eventuelle overlevande klonar kan resirkulerast i Kollegiet
ved NTNU som implementerte manifestasjonar av den strategisk tverrfaglege
NTNU-identiteten. Denne etterbruken av kandidatar og overlevande klonar
vil sortera under statsvitskap, og me sender stafettpinnen strategisk
vidare til dei.


6. Ressursar

6.1. Trong for kompetanse og kapasitet (til utvikling og gjennomføring):

Utviklingstid sju år for å byggja opp ein buskap med klonar. Éin
fyrsteamanuensis eller hovudfagsstudent (medisin/biofysikk) på heiltid,
studentassistentar i 10 % stilling i faga lingvistikk, pedagogikk,
elektroteknikk, filosofi, samfunnsøkonomi og webdesign.

Gjennomføring innanfor ordinære studieopplegg, med tillegg av
programkoordinator og strategisk sjelesyrgjar, begge i 25 % stilling.


6.2. Truleg trong for tilføring av nye midlar

Litt gull og grøne skogar. Med tanke på dei grøne skogane kan me trekkja
inn Botanisk institutt for strategiske konsultasjonar.


6.3. Tilskot og eigne midlar

Alt skal skje på fritida, for me er so fattige her på NTNU at me må vera
solidariske. Men me ser ikkje bort ifrå at Norsk Hydro kan gjeva oss litt
pengar dersom me er ekstra strategiske.


7. Risikomoment (kva kan gå gale)

Filosofisk institutt har ikkje klart å finna nokon filosof enno, truleg
som utslag av eit lite strategisk tankeeksperiment.

Stortinget kan dessutan meina at det er for mykje humaniora innblanda i
dette studieprogrammet. I so fall kan me sløyfa den manuelle
moralfilosofen heilt, og i staden taka inn nokre ekstra
informasjonsteknologar som kan simulera moralfilosofien syntetisk og meir
automatisk.