Unyttige meldinger på innsida

Ove Kr. Haugaløkken ove.haugalokken at plu.ntnu.no
Mon Jan 12 12:51:06 2004


Øyfrid Sudenius Knudsen wrote:

> Innsida som informasjonskanal for enkelte fag egner seg også utrolig
> dårlig fordi studentene ikke alltid melder seg opp i fagene før en stund
> ut i semesteret, og dermed ikke kan lese meldingene. Samme problem
> eksisterer forsåvidt i it's learning... Dette kaoset fører garantert til at
> noen slutter å lese Innsida-meldinger, når de gang på gang viser seg å ikke
> gjelde en selv.

Det er riktig at studentar som ikkje har tilgang til Innsida heller ikkje
vil kunna lesa meldingar på it's:learning, ettersom dette systemet ligg
"bak" Innsida. Men Studieavdelinga har gjort ein innsats slik at studentar
skal få raskt tilgang til it's:learning så snart dei er registrert med
brukarnamn ved NTNU. I samband med Kvalitetsreformen tok studentane
initiativet til å få oppretta det som har namnet Studentportalen, nettopp
for å få løyst nokre av problema som Søiland og Knudsen tar opp.
Informasjonsavdelinga arbeider no med dette, og Studentportalen skal føre
til at fagstoff, elektroniske samarbeidsverktøy, faginformasjon, generell
studieinformasjon osv. både blir lettare tilgjengeleg for studentane,
samstundes som at informasjonen vert kvalitetssikra gjennom ein betre
kontroll på innlegging av informasjonen.