Unyttige meldinger på innsida
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200401 at pvv.ntnu.no
Fri Jan 9 11:06:03 2004
I artikkel <slrnbvrrnp.5ii.stain@ozelot.stud.ntnu.no>
skreiv Stian Søiland <stain@stud.ntnu.no>:
> Jardar - hvor mange av ALLE studentene på HF-fakutletet (tell dem
> engang) tror du er interessert i disse svarene? Ihvertfall ikke jeg - og
> jeg visste ikke engang at jeg var student på HF-fakultetet iogmed at jeg
> studerer informatikk.
Det var særleg tre grunnar til at eg gjorde det på denne måten:
1) Studentane på dette emnet sorterer ikkje under noko spesifikt institutt
som det ville vera tilstrekkeleg å leggja meldinga under. Emnet vert
heller ikkje administrert av eitt institutt.
2) Det reformerte kvalitetsomgrepet gjer at det ikkje finst nokon garanti
for at meldinga når alle som ville ha henne, dersom ho vart adressert
til berre basisfagsstudentane (men etter å ha fått liknande respons frå
andre, før eg las dette, har eg endra distribusjonen likevel).
3) It's learning er personvernsmessig suspekt. (Og då eg for ei tid sidan
prøvde å sjå på systemet, hadde eg ikkje tilgang til det.)
No ville eg sjølvsagt ikkje ha laga slike oppgåvesvar i utgangspunktet
dersom ikkje studentane hadde bede meg om det. Det er trass alt
gratisarbeid av det slaget som tek mykje tid.
Studentar har ein tendens til å ynskja å få meldingar om dei faga som
vedkjem dei, og i dette tilfellet finst det altso ikkje nokon eigen kanal
for slike nyttige meldingar (nyttig for dei som meldinga vedkjem, sjølv
om meldinga ikkje vedkjem alle), fakultetsnivået var det mest avgrensa
administrative nivået å leggja det ut på.
Men Stian, sidan du og din gløshaugkollega kallar denne postinga spam:
Vert studentane varsla om endringar på Innsida via eit distribuert system,
t.d. mail? Det ville i tilfelle vera veldig tullerusk! Det ville stilla på
line med påtvinga mailvarsling av endringar på vg.no.
At meldingar til HF-studentar når folk som ikkje eingong er HF-studentar,
er sjølvsagt endå meir tullerusk.
Jardar