signaturar

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200407 at pvv.ntnu.no
Fri Feb 20 19:36:03 2004


I artikkel <c1559s$bo2$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Trond Erik Vee Aune <trondaun@biotech.REMOVETHISBEFOREREPLYING.ntnu.no>:

> Et universitet der ingen har lov til å 
> mene noe kan liksågodt legges ned med en gang.

Det var det dei gjorde 1. januar 1996, då Universitetet i Trondheim vart
lagt ned. At Underdal-utvalet til Gudmund Hernes (som skulle greia ut kva
NTNU-opprettingsvedtaket hadde gått ut på) juksa med høyringane og
presenterte usanningar i NOU-en sin, er berre ein fin illustrasjon på
dette.

- Kulturdept. var ikkje med i høyringsrundane, men Næringsdept. var det.
- Den høyringsrunden som galdt AVH-delen av universitetet, var skriftleg, 
  og høyringsinstansane vart bedne om å uttala seg om kor viktig det er 
  med teknologi og naturfag. Dei vart bedne om ikkje å uttala seg om 
  AVH-faga.
- Fleire høyringsinstansar fokuserte likevel på kor viktig det er med 
  humaniora. I NOU-en er desse høyringsfråsegnene underslegne, og det 
  heiter at alle fokuserte på kor viktig det er med teknologi og naturfag.
- Og då eg i samband med bokskriving ville ha kopi av høyringsfråsegnene 
  for å finna ut om det kunne ha seg slik som det viste seg at det hadde 
  seg (altso at det hadde vorte juksa med høyringane), nekta departementet 
  å gjeva meg innsyn i dei offentlege dokumenta som det var snakk om. Eg 
  måtte få kopiar direkte frå høyringsinstansane.

Nei, dette er ikkje eit skikkeleg universitet, og ikkje har me skikkelege 
politikarar heller.

Jardar