Sensur ved NTNU

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200406 at pvv.ntnu.no
Fri Feb 13 00:41:03 2004


Eg meiner å hugsa frå den tida då Universitetet i Trondheim vart slakta og
den nye «NTNU»-dingsebomsen skulle lanserast gjennom ein reklamekampanje
der ungdom var avbilda i underty og i innbydande posisjonar og dus
lyssetjing (reklamekampanjen vart populært omtala som «pornokampanjen»).  
Då var det nokre av dei tilsette som heva røysta på fagleg grunnlag, men
dei vart snøgt irettesette via Adressa fordi dei hadde kritisert leiinga
si. Ved andre «bedrifter» ville det nemleg vera utenkjeleg at dei tilsette
var illojale på denne måten, heitte det.

Dette var etter at minister Gudmund hadde kravt at universitetsfolk skulle
vera kritiske til alt anna enn Gudmund, men før minister Kristin sutra om
noko liknande.

Det er vel ikkje stort anna å seia enn «velkomen i klubben». Det skjer
stendig uforklarlege ting både i byråkratiet og andre stader.

Og berre for å provosera fører eg på ein liten signatur, eg òg.

Jardar
-- 
http://www.sprakrad.no/