Lite samarbeidsvillige ansatte på IDI

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200451 at pvv.ntnu.no
Mon Dec 20 15:02:10 2004


I artikkel <cq68k9$h2l$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Birger Jensen <birgerje@stud.ntnu.no>:

> > De fleste vitenskapelige ansatte på IDI akkurat nå virker mye mer
> > interessert i sin egen karriere, enn å "undervise" og spesielt "veilede"
> > studenter.
...
> Finner mye av den samme holdningen ved hele NTNU. Trodde det var
> studentene som var "kundene" for univeristetet jeg.

Mange tilsette har eit kjempedilemma. Skal institutta få pengar, er det 
stort sett to ting som må oppfyllast: stor vekttalsproduksjon (dvs. mange 
kandidatar som står på eksamen -- karakteren er mindre viktig) og stor 
publikasjonsverksemd.

Med ein slik finansieringsmodell har me sjølvsagt eit glimrande opplegg 
for å få misnøgde studentar. Særleg no etter at kvalitetsomgrepet vart 
reformert, krev studentane endå meir tid enn før, og dermed vert det 
mindre tid til den forskinga som dei tilsette òg er pålagde å 
gjennomføra. Det trengst sjølvsagt fleire tilsette, men Kvalitetsreforma 
tok ikkje høgd for at auka arbeidsmengd skulle føra til at me treng fleire 
til å arbeida.

Dermed vert konkurransen om dei faste stillingane like hard som før, og 
me som då sit i mellombelse stillingar, vil sjølvsagt gjera alt me kan for 
å utvida CV-en. Ein ekstra artikkel er då meir verdt enn om ein student 
får A eller E til eksamen.

Jardar
som håper han likevel har klart å taka godt vare på studentane sine dette 
semesteret