samanslåing av karakter frå midtsem og eks amen

Roger Birkeland rogerbi at stud.ntnu.no
Thu Dec 2 15:21:01 2004


Har lurt litt på dette, kva som er det "rette" algoritma for samanslåing
av karakterar, der den består av fleire delar.

Har høyrt opptil fleire måtar som faglærarar meinar dei kan bruke, eller
har brukt.

1:Rekne ut bokstavkarakter på deloppgåver. Rekne ut bokstavkarakter på
eksamen, slå saman bokstavkarakterane med vekting. Eksamen _må_ vere
bestått i seg sjølv.

2:Rekne saman poeng (dvs. i realiteten prosentar). Ikkje så nøye om
eksamen er bestått eller ikkje.

og forsåvidt kombinasjonar av dei to

Om ein til dømes har 40% anna, og 60% eksamen, og må få E på eksamen (dvs.
35% av dei 60), og ikkje har gjordt det veldig dårleg på dei 40 andre, så
er det jo vanskeleg å få E.... Ikkje at det er noko gale i det forsåvidt,
men...

Nokon som veit? Trur det er mange som ikkje veit, både faglærarar og
elevar....

-roger

------------------------------------------
Roger Birkeland
rogerbi@stud.ntnu.no
http://lime.homelinux.org/roger