Lesesalsplasser

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200448 at pvv.ntnu.no
Wed Dec 1 11:01:02 2004


I artikkel <m2oehe75wx.fsf@dhcp-6664.fa-s.ntnu.no>
skreiv Trond Sagerup <trond@sagerup.net>:

> |   Løysinga er å flytta Dragvoll til Gløshaugen. 
> 
> det hørtes lurt ut.  betyr en slik løsning at vi vil slippe eksamener
> også?  siden en slik flytting vil løse alle problemer vil vel
> studentene jobbe så mye at en avsluttende eksamen blir unødvendig.. :)

Ja, dette er heilt rett. Ved ei flytting kjem styret til å vedtaka at alle 
studentane er kjempeflinke fordi dei har flytta, og politikarane kjem til 
å lansera Karakterreforma under slagordet «karakter til folket». Øystein 
Djupedal kjem til å snakka om kor spennande dette er, Kristin Clemet vil 
gleda seg over karakterproduksjonen, og Trondheim kommune sel Dragvoll 
til Forsvaret for ti gonger den innbyteprisen dei fekk for kommuneblokka i 
Holtermanns veg. Men mest av alt kjem flyttinga til å gjera oss alle meir 
framtidsretta.

Og dette er heilt garantert.

For som ein historikar sa til meg for nokre veker sidan: Historikarane frå 
gamle Institutt for historie og klassiske fag sit i bygg 6, nivå 5. I 
etasjen under finst det historikarar frå Institutt for tverrfaglege 
kulturstudium. Dei er med andre ord samlokaliserte, men samarbeid har dei 
ikkje.

Du skal sjå det vert meir samarbeid når dei vert samlokaliserte med 
Institutt for materialteknologi på Gløshaugen.

Jardar