Lesesalsplasser

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200448 at pvv.ntnu.no
Wed Dec 1 00:36:02 2004


I artikkel <coir7s$769$1@orkan.itea.ntnu.no>
skreiv Kenneth Aalberg <kenneta@stud.ntnu.no>:

> > Hvorfor ikke sitte på hybelen å lese? Tror ikke det trengs spesielle 
> > hjelpemidler for å lese bøker/pensum.
> 
> Har et meget godt svar:
> 
> Jeg deler leilighet med min samboer og min sønn på 4 måneder. Er jeg
> hjemme skal jeg garantere at det ikke blir lest ei linje, verken ro elelr
> lyst til det da gitt:)

Pøh, då _eg_ var ung, hadde me rett og slett ikkje lesesalar. Eg budde på 
hybel, og hadde to bråkete naboar som spelte thrash både natt og dag (i 
mangel av anna fjernsynstilbod enn det som i dag heiter NRK 1). Men lesa 
gjorde eg, sjølv om eg ikkje hadde lyst. Vart det for ille, måtte eg gå 
utandørs og lesa i allslags vêr, i tjue minusgrader, underkjølt regn, 
lynnedslag, og likevel høyrde eg thrashen gjennom veggen.

Men klaga eg? Nei då.

> Så det hadde vært nødvendig med hjelpemidler da ja; kraftig hørselsvern,
> far-baby-kjærlighetsignoransetabletter, et ekstra rom, osv osv..

Løysinga er å flytta Dragvoll til Gløshaugen. Då tek alle problema slutt, 
og alt vert kjempestrategisk og samarbeidande med tverrfagleg teknologi og 
hovudprofil og knoppskytingseffektar og innovasjon og stort universitet 
som viser på kartet i verdsperspektiv, og du kjem både til å missa 
høyrsla, kjærleiksevna og lysta til eige rom. Og eit par år etterpå må me 
fram med andre moteord. Den faglege kryssbefruktninga har me eigentleg 
høyrt lite om dei siste åra.

Jardar