telefonkatalogen

Magni Onsoien magnio+news at pvv.org
Fri Apr 23 19:26:03 2004


jardarab+news-200415@pvv.ntnu.no (Jardar Eggesbø Abrahamsen) writes:

> Er det fleire enn eg som tykkjer at Telefonkatalogen på gulesider.no (òg
> kalla www.telefonkatalogen.no) er ei svært mykje dårlegare løysing enn den
> betalingstenesta på opplys.uninett.no som me visst nok skulle slutta å
> abonnera på fordi det kosta pengar?

[ Snippa masse gode døme. ]

Eg får diverre ikkje testa http://opplys.uninett.no ettersom eg sit heime
no og IP-adressa mi er uregistrert og eg manglar passord, men eg stoler på
deg :)

Eg er heilt samd i at http://www.telefonkatalogen.no ikkje er "heilt"
optimal.  Derimot fungerer http://www.opplysning1890.no temmeleg bra - ok,
eg fann ikkje nummeret til laget til Nidar, men eg fekk iallfall opp
riktig bedrift på fyrste treff, og ikkje minst kjem treffa opp utan noko
mellomklikk via Gule eller Rosa sider.

http://opplys.uninett.no har iallfall tidlegare vore langt betre enn
gulesider.no eller telefonkatalogen.no eller kva dei foretrekk å kalle
seg, og er moglegeins betre enn opplysning1890.no også, men eg vil seie at
sistnemnde er eit meget godt alternativ viss ein ikkje får brukt Uninetts
tilbod av ein eller annan grunn.



Magni :)
-- 
sash is very good for you.