telefonkatalogen

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200415 at pvv.ntnu.no
Fri Apr 16 11:21:07 2004


Er det fleire enn eg som tykkjer at Telefonkatalogen på gulesider.no (òg
kalla www.telefonkatalogen.no) er ei svært mykje dårlegare løysing enn den
betalingstenesta på opplys.uninett.no som me visst nok skulle slutta å
abonnera på fordi det kosta pengar?

Her er ei jamføring mellom dei to under to forsøk på å finna 
telefonnummer.

På opplys.uninett.no kan eg søkja på «Universitetet i Bergen», og få opp 
det heile og fulle oppslaget frå Rosa Sider.

På www.telefonkatalogen.no får eg berre vita: «Søket gav ikkje treff i
Telefonkatalogen (Personar), men det gav treff i Gule Sider (Bedrifter).
Klikk her for å sjå treffa i Gule Sider.»

Og når eg trykkjer på linken, får eg slett ikkje det heile og fulle 
oppslaget frå Rosa Sider, men må klikka meg vidare på «Universitetet i 
Bergen» for å få det. I tillegg får eg drøssevis av treff på skular, og 
til og med heimesida til ein advokat.

Vil eg ha telefonnummeret til Nidar i kommunen Trondheim, gjev
www.telefonkatalogen.no meg fem treff, som alle heiter noko med Nidaros:

Nidaros Eiendomservice As
Nidaros Eiendomservice As
Nidaros Malerservice, Tb - Kø -Og Gruppesøk
Nidaros Vannjetklubb, Frank Arne Forsell
Nidaros Vannjetklubb, Line Forsdal

Sjokoladefabrikken vert ikkje eingong nemnd. Då må eg på Gule
Sider-avdelinga av gulesider.no (og eg må finna det ut på eiga hand, for
det dukkar ikkje opp nokon link dit, då i motsetnad til då eg ville ha
«Universitetet i Bergen»).

Men greitt, so gjeng eg inn på Gule Sider-avdelinga av gulesider.no og 
søkjer etter firmaet Nidar i kommunen Trondheim (avansert søk, ja). Då får 
eg to advokatar, to skular, éi golvbehandling, éin parkett (same som 
golvbehandlinga), so omsider kjem Nidar AS med sjokoladane som eg ville 
ha. Deretter 41 treff på firmanamn i Rosa Sider, og av dei er det 8 som 
viser på den fyrste sida. Eg vil gjerne sjå Rosa Sider-oppføringa til 
Nidar, og vil difor sjå dei 33 resterande oppslaga der.

Når eg klikkar meg vidare til neste side for å sjå dei 33 resterande
treffa på Rosa Sider («Vis fleire treff»), har eg plutseleg fått denne
overskrifta:

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider (241662 treff)»

Ja, to hundre og førtiéin tusen seks hundre og sekstito treff. Men eg kan 
velja landsdel frå ein meny til høgre, då. So eg vel Midt-Noreg med berre 
49 treff. Førtini? Hah, no heiter det plutseleg:

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider  (17584 treff)»

Det fyrste treffet er «& M Hennes & Mauritz H AS» (legg merke til
plasseringa av H-en, forresten), utan spor av «Nidar» i det firmanamnet. 
Sidan eg ikkje gidd å leita meg forderva gjennom alle dei 17 584 treffa, 
klikkar eg på menyen til høgre og vel Sør-Trøndelag (380 treff).

Heldige meg, no er overskrifta redusert til:

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider  (11981 treff)»

Framleis med «& M hennes & Mauritz H AS» øvst. So eg klikkar meg inn på
Trondheim (374 treff) på menyen til høgre.

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider  (7425)»

Heldigvis kan eg klikka meg vidare til noko som ser ut til å vera
bydelane. «Treff i kommune: Trondheim» heiter det nemleg. Eg vel Ranheim,
for eg veit kvar Nidar ligg. Ranheim skal ha 16 treff, og er den næraste
bydelen. (Ja, takk og pris at eg veit frå før kvar Nidar ligg, ja.)

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider  (127 treff)»

Men denne gongen er det i alle fall eit elektroforma som kjem øvst. Men 
hm, sjølv ikkje på side 5 finn eg Nidar. Eg finn berre Nidaros. OK, då er 
Ranheim feil bydel.

Eg prøver meg på Jakobsli (4 treff, som vert til 61). Nei, ingen Nidar der 
heller. For det er visst ikkje bydelar likevel, dette. Det er poststader.

Ja ja, då er det tilbake, og so klikkar eg på poststaden Trondheim i 
staden, som berre skal ha 373 treff. Torer eg å håpa på det?

«Treff i firmanamn frå Rosa Sider  (5528 treff)»

Eg kunne sjølvsagt ha valt den sjokoladefabrikanten som eg fekk opp i Gule 
Sider noko tidlegare, men det var jo Rosa Sider-oppslaget eg var ute 
etter. No har eg 200 sider å kika i. På side 128 finn eg omsider Nidar.

Men er dette Rosa Sider-oppslaget?

  Besøksadresse Bromstadv. 2 
                7005 Trondheim
  Telefon       73 58 30 00
  e-post        firmapost@nidar.no

Openbert ikkje. For eg vil gjerne ha direktenummeret til lageret. Dét finn 
eg på opplys.uninett.no!

Der er det berre å søkja etter Nidar i Trondheim, og vips:

   Nidar AS                   73 58 30 00
   Bromstadv. 2, 7005 Trondheim
   - Telefaks                 73 91 78 28
   - firmapost@nidar.no
   - www.nidar.no
   - Ordrebestill.            73 58 32 55
   - Lager eksp.              73 58 32 50
   - - Lager ordre Telefaks   73 51 63 73

Det kostar visst hundre tusen i året å halda seg med opplys.uninett.no. 
Kanskje det kunne vera verdt pengane.

Jardar