Sharons drapskampanjen
Anders Stav
andes at stud.ntnu.no
Thu Apr 1 20:11:03 2004
eg trur eg må ty til ein metafor (metaforen er ikkje "veldig" god) for å
klargjere kva eg lurer på. Og misforstå meg rett når eg no brukar humor
til å få fram eit alvorleg poeng.
Remedier:
1 stk Schæfer
1 stk dum gutunge (alder ~10 år)[korfor kun ein? Det gjer det lettare for
meg som forfattar...]
1 stk hage med epletrær
1 stk nabo (oppgitt)
1 stk veg
1 stk høgt nok hagegjerde
1 stk haust
mange modne epler
Scenario: gutôngen går kvar dag forbi hagen til naboen på vegen som ligg
attmed. I hagen ligg Schæferen. I hagen er det også epletrær. Guten har
lyst på epler [han er fattig og har ikkje råd til å gå i butikken og
kjøpe, dessutan kan han ikkje norsk eller engelsk og er svært dårleg på
kroppsspråk så han kan ikkje gjere seg forstått om naboen tilbyr han
epler...]. Han tenkjer som så: Schæfer i hage = Ingen epler, ingen schæfer
i hage = epler. Går til det største pukkverket i området, hentar eit lass
med stein, store og små, og legg dungen utafor hagen. (Naboen har ein
augesjukdom, så han legg tilfeldigvis ikkje merke til dungen. Dette er
også på ein aude plass så ingen bryr seg likevel.) I september månad står
guten og hiv stein på hunden for å den vekk. Til ingen nytte
sjølvsagt...hunden forblir i hagen. Svært sinna. Gutôngen blir og sinna
for hunden blir verande i hagen. Siste dagen i september og når siste
stein er kasta, kjeme da ei svære vindróse og blese gutôngen inn i hagen
og all steinen UT av hagen, unnateke EIN stein. Guten landar ved sida av
steinen, tek opp steinen, hunden verar kva som er i gjere og stiller seg
klar til å angripe guten. Begge redde og begge sinte. Som ved eit
gudsmirakel blir båe to fanga av tidsanda og sett inn ein klosse på der
tid opphøyrer og kun ulikskapen mellom liv og daud er gjeldande.
Premissen er: kastar guten steinen er hunden daud. (kummulativ skade på
hunden...)
er guten uten stein angrip hunden (og går i strupen på guten)
obs! guten er vegetarianar og vil difor nødig drepe hunden
Oppgåve: få jødar og palestinarar til å leve på same området utan at dei
drep kvarandre.
Kvifor eg skreiv inn fyrste gongen var tanken at kanskje nokon ville kome
med eit subjektivt innlegg om tingenes tilstand og kanskje kvifor det er
heilt UVONLEG at båe partar kan leve på same området. Så har ikkje skjedd.
Eg er rett og slett fasinert av spørsmålet "drepe eller bli drept". Slik
ser eg situasjonen mellom sjeik Yassin og den irsaelske stat. Korleis
forvandle spm: "drepe eller bli drept" til "no har vi det kosleg ilag".
Alt kokar vel ned til å stagge ekstremistane på båe sider...
helsing Anders Stav
med ynskje til alle saman om ei riktig god påske!
ps! eg står fortsatt ved det eg skreiv i forrige kommentar.