Tillit og teknologi på NTNU

Ingar Pareliussen ingar.pareliussen at stopspam.chembio.ntnu.
Tue Sep 23 20:16:08 2003


Ove Kr. Haugaløkken wrote:  
  
> Det er mogleg for meg som faglærar å sjå kor mange gonger kvart einskild   
> dokument er opna. Dette er eit viktig hjelpemiddel for meg til å evaluere  
> eiga undervisning.   
  
Eg vil gjerne vite korleis du vil evaluere undervisinga di etter kor mange
 
gongar eit dokument er opna. Betyr det at dokumentet er så vanskeleg  
tilgjengeleg at studentane må lese det fleire gongar for å forstå det,
eller  
betyr det at dokumentet er så bra at studentane vil lese dokumentet fleire 
gongar av pur glede?  
  
Kanskje ein svarslipp på bakerste side av dokumenta dine der studentane
kan  
skrive konstruktive tips til forbedringar av dokumentet vil vere betre.  
Kostar lite og vil gi deg tolkbare tilbakemeldingar.  
  
> Eg kan også sjå kva dokument kvar einskild student har  
> opna. Dette kan koma til nytte når studenten ber om rettleiing. Sjølv om  
> denne funksjonen ikkje seier noko anna enn at dokumentet er opna, kan det  
> hjelpe meg til å finne ut kvar studenten står.   
  
Du innrømmer at du ikkje kan vite om studenten har lest eller forstått eit
 
opna dokument, likevel sei du at du kan forstå kor studenten står? Hadde
du  
ikkje fått meir informasjon av eit spørsmål direkte til studenten?   
  
Så langt er det ingen prov på at informasjonen samla inn i it's learning
har  
verdi og dermed kan fjernast frå databasen utan noko tap. Dersom NTNU
ønsker  
å følge opp kvar enkelt student tettare må det ansettast fleire folk.   
  
Ingar Pareliussen, Stipendiat. 
(fjern stopspam for å skrive til meg)