Tillit og teknologi på NTNU

Ove Kr. Haugaløkken ove.haugalokken at plu.ntnu.no
Fri Sep 12 19:16:03 2003


Magni Onsoien wrote:

> Då er mitt spørsmål til deg _ekstremt_ enkelt: meiner du at studentar som
> har fortald om faglærarar som har referert til at namnegjevne studentar
> ikkje har lese ein bestemt artikkel (med andre ord: at faglærarar har
> tilgang til informasjonen du insisterer på at de ikkje har tilgang til) på
> It:s learning lyg?

Eg skal prøve å gjera svaret mitt like enkelt: Anders Christensen skriv at
"Etter "It's learning" kan man få ut antallet minutter hver enkelt student
leser på på hvert enkelt dokument som presenteres i faget." Denne
funksjonen har eg aldri sett har vore tilgjengeleg for oss faglærarar.

Det er mogleg for meg som faglærar å sjå kor mange gonger kvart einskild 
dokument er opna. Dette er eit viktig hjelpemiddel for meg til å evaluere
eiga undervisning. Eg kan også sjå kva dokument kvar einskild student har
opna. Dette kan koma til nytte når studenten ber om rettleiing. Sjølv om
denne funksjonen ikkje seier noko anna enn at dokumentet er opna, kan det
hjelpe meg til å finne ut kvar studenten står. Så kan vi gå vidare
derifrå.