Tillit og teknologi på NTNU
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200336 at pvv.ntnu.no
Wed Sep 10 10:11:04 2003
I artikkel <bjk3i4$rj$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Stian G <gardsvol@stud.ntnu.no>:
> Det som mange her ikke later til å skjønne er at man kan ikke ha tillit til
> at faglærererne skal oppføres seg ihht. norsk lov.
Eg trur me stort sett kan ha tillit til det. Men det er jo skilnad på å
gjeva folk lykelen til ein innlåst ræserbil og å plassera dei bak rattet
og starta bilen for dei. Me veit alle kva for ein situasjon som vil gjeva
dei fleste fartsbøtene. Eller sagt på ein annan måte:
> Man kan ikke lage et
> system som "oppmuntrer" og legger til rette for misbruk og tro at det ikke
> vil skje.
«Oppmuntrer» er vel det viktigaste ordet her.
Som faglærar er eg sjølv veldig kritisk til å ha tilgang til opplysningar
om studentane mine som eg ikkje treng i det daglege (det eg treng, er
gjerne e-postadresse og sånt). Somme ting kan vera greie å ha (t.d. å vita
om dei har lese det rette kapittelet i pensumboka), men eg vil helst ikkje
vita slikt heller, med mindre eg spør dei sjølv. Det har å gjera med det å
kunna behandla studentane sine med respekt. Eg ville heller ikkje ha likt
det om mine faglærarar utan å spørja meg visste akkurat kva eg hadde lese.
Jardar