Tillit og teknologi på NTNU

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200336 at pvv.ntnu.no
Wed Sep 10 10:01:03 2003


I artikkel <bji0b1$qq7$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Even Gran <even.gran@adm.ntnu.no>:

> Lik det eller ikke, men akkurat nå sitter det en mengde ansatte på NTNU
> som når som helst kan gå inn og sjekke hvilke fag du har tatt og hvilke
> karakterer du har fått. Dette hentes fra NTNUs felles studentdatasystem
> (FS). 

Den eine skilnaden er at desse opplysningane ikkje er tilgjengelege
gjennom dei arbeidsmetodane som vert brukte i det daglege, sameleis som
karakterane og fagkrinsen til studentane heller ikkje vert delte ut til
faglærarane før kvar førelesing. Å ha lovleg tilgang til noko er noko anna
enn å få servert oppdaterte detaljar dagleg og i samband med
undervisningssituasjonen og den normale kontakten med studentane.

Den andre skilnaden er at desse opplysnngane ikkje er like detaljerte som 
dei It's Learning byd på.

Jardar