"Normalfordeling" av karakterar
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200347 at pvv.ntnu.no
Mon Nov 24 01:01:04 2003
I artikkel <bpr9lb$f6q$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Torbjørn Houge <houge@stud.ntnu.no>:
> I Norge hører vi en del om fokus på kvalitetssikring av utdanning osv.
> Finnes det noe europeisk eller internasjonalt kvalitetssikringsorgan som
> skal sørge for at ECTS-systemet blir en felles målestokk, eller er det opp
> til hvert enkelt land å passe på standarden.
ECTS-systemet er ikkje ein karakterskala, men ein ein konverteringsskala
(European Credit Transfer System), dvs. eit hjelpemiddel for samanlikning
av karakterar frå ulike utdanningssystem i ulike land. Skalaen baserer seg
på normalfordelingskurver, men den norske varianten (opps, plutseleg har
me ikkje ein «internasjonal» standard lenger) er tilrådd å vera noko meir
forsiktig med slikt.
Då Universitetet i Trondheim fekk det nye, misvisande namnet sitt, vart
det som kjent, etter sjølve vedtaket om NTNU, sett ned eit utval som
skulle greia ut om kva vedtaket om NTNU eigentleg hadde gått ut på. (Hurra
for politikarar.) Eg klipper frå den NOU-en frå 1995
(«Underdal-innstillinga») som vart produktet frå det det utvalet (her frå
eit kapittel der det ikkje fanst høyringsnotat å underslå eller juksa
med):
---sitat---
Studiebelastning angis i ECTS punkter, der et studieår med
normalbelastning gir 60 punkter. ECTS gir ingen annen veiledning i
fastsettelse av punktbelastning enn at den bør gjøres ovenfra og ned, ved
å vurdere emnets relative andel av et normalt studieår. Anvendt overfor de
to systemene som er i bruk ved UNIT i dag, kan en da få det paradoks at
fag/emner som vurderes ulikt internt vurderes likt eksternt.
...
Et første trinn i en karakterreform, og som kan innføres for ett
universitet, vil være at man i tillegg til den tradisjonelle karakteren
fører opp "standardkarakteren" for universitetet. Det betyr at hvert
enkelt fag må utarbeide en konverteringstabell som angir hvordan man
kommer fra den karakteren som er gitt til "standardkarakteren".
"Standardkarakter"- systemet bør være relativt grovdelt, og med en mest
mulig presis definisjon av hvert karakternivå. Det siste kan gis som en
verbal beskrivelse kombinert med en angivelse av normalfordeling i
karakterbruken.
Karakter Prosent Definisjon
A 10 EXCELLENT; outstanding performance with
only minor errors
B 25 VERY GOOD; above average standard but with
some errors
C 30 GOOD; generally sound work with a number
of notable errors
D 25 SATISFACTORY; fair but with significant
shortcomings
E 10 SUFFICIENT; performance meets the minimum
criteria
FX - FAIL; some more work needed before the
credit can be awarded
F - FAIL; considederable future work is needed
Definisjonene må modifiseres noe for norske forhold, forhold som modning
og forståelse må trekkes inn, "error" vil ikke være et like sentralt
begrep i alle fag. Normalfordelingsprinsipper må også anvendes med
varsomhet og sees, dels i forhold til studentenes generelle kunnskapsnivå
i forhold til de faglige krav som stilles, dels i forhold til spredningen
i det kunnskapsnivået som måles ved eksamen.
---sitat slutt---
Dagens ECTS i Noreg, som altso er innførd for å gjera oss internasjonale
(trass i at ECTS altso er meint som eit grovkorna konverteringssystem,
ikkje som karaktersystem), er altso ikkje heilt i samsvar med den
_eigentlege_ ECTS-standarden (det er litt Microsoft-ånd over det heile,
med andre ord).
politikarforaktande helsing (med tradisjonar sidan 1995),
Jardar