"Normalfordeling" av karakterar

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news-200344 at pvv.ntnu.no
Fri Nov 7 16:06:04 2003


Det mest interessante her er sjølvsagt likevel at C skal vera 
snittkarakteren fordi dette vil vera ein måte å samordna bruken av 
karakterskalaen på i eit nasjonalt perspektiv.

Før i tida greidde me òg å samordna bruken av karakterskalaen. Då hadde me
nemleg eksterne sensorar. Det må vera typisk politisk å avskaffa eksterne
sensorar, og dermed samordningsrutinane, akkurat i det ein til ære for
samordninga innfører ein ny karakterskala.

Men men. Her på huset har me berre nerdestudentar som til tider er læraren
fagleg overlegne. Med tida må me vel passa på å gjeva A til alle dei som 
er nyskapande, og stryka alle dei som har ein kommafeil. Då vert snittet 
C, og karakterskalaen vert til å stola på. I alle fall i eit politisk 
perspektiv, der ein enkelt kan vedtaka at «dette er til å stola på, for 
det har eg sagt».

Studentane mine i diakroni (språkhistorie) greidde i alle fall på førre
øving å analysera den leksikalske endringa i ordet «kvalitet(sreform)»
korrekt: Før tydde «kvalitet» 'det å vera bra'. Den seinare tida har det
gått føre seg ei semantisk utviding (på line med «bitch» i engelsk) som
gjer at «kvalitet» har fått ei meir generell tyding 'det å vera noko, t.d.
dårleg'.

Jardar