"Normalfordeling" av karakterar
Roger Birkeland
rogerbi at stud.ntnu.no
Fri Nov 7 00:01:07 2003
Les i UA at det er planar om å gjere C til standardkarakter....
Mao. skal det bli lettare å få god karakter i matte, (som har dårleg snitt
fortida, etter det ryka seier), og vansklegare å få god karakter i td. java
og it-intro.....
Var vel våre såvidt våre snakka om at å "lempe" på krava i matte for å få
betre snitt, men å senke kvaliteten (les nivået) på studentane er vel ikkje
særleg ynskjeleg. Er det ikkje dette som vil skje no?
På ei anna side, skal ein få ned karaktersnitt i til dømes relativ lette
grunnleggande programmeringsfag, eller linjespesifikke fag med gode
karakterar, burde jo faget bli vansklegare....
Må jo bli frykteleg vanskeleg å vere sensor i eit fag med mange flinke
elevar, grensene blir jo hårfilne etterkvart. Kva med talkarakterar der ein
har mange fleire nivå å velje mellom! :-)
--
roger b