Om bytte av siv.ing-linje (tekn. kyb --> bygg)
Vetle Toreid
toreid at stud.ntnu.no
Mon May 5 15:01:03 2003
Hei.
Du har rett i at du har gått glipp av den beste sjansen til å kome
deg over til bygg, nemleg Samordna opptak. Dette er sjølvsagt ikkje grunn
nok til å gi opp.
Eg har høyrt rykte om at når dei fyller opp 1.-klassane på hausten, og
nokre studentar sluttar (sjølv om dei først takka ja til plassen), blir
interne overgangssøknadar prioriterte framfor ventelistene til Samordna
opptak. Som sagt er dette påstandar som er lite dokumenterte, men ein
skulle jo tru NTNU ville ha interesse av å la studentane sine studere det
dei helst vil, spesielt dersom alternativet er at dei sluttar ved
universitetet.
Om du ikkje er så heldig å få plass på bygg-linja ved å søke overgang, kan
du framleis melde deg opp i faga dei har der, og rett og slett droppe dei
faga studweb påstår du skal ha. (Dvs ikkje møte på eksamen. Så vidt eg
veit går det ikkje an å melde seg av fag som er obligatoriske på den linja
ein går på.)
Slik kan du halde på fram til neste haust, når du har ordna deg ein søknad
på bygg gjennom Samordna opptak. Sidan du kom inn på kyb skulle ikkje bygg
vere noko problem, og så er du plutseleg 1. klassing på bygg. Sidan du alt
har mange fag frå den linja, blir du flytta opp i 2. eller 3. klasse,
avhengig av kor flink du er neste år.
Dette er sikkert ein taktikk NTNU likar dårleg, men akkurat det kan du vel
leve med. :)
Lykke til!
Vetle Toreid