Ingen ettergivelse av studielån eller maktstrukturen...
Anders Stav
andes at stud.ntnu.no
Mon Mar 24 02:41:04 2003
1. Har eg nokon sinne sagt det at vi treng eit elitestyre?
Mitt syn er at ein set personar til å gjere ein jobb som dei er eigna for.
Det inneber at ein må ha kjennskap til fagfeltet. Det samfunnet som vi
opplever idag er eit STORT puslespel av doktoravhandlingar, diplomoppgåver
og forskning. Er det då løye at det er vanskeleg å halde oversikt? På
dette grunnlag vil eg seie at dagens styreform med lekmenn i leiande
politiske stillingar har kome til kort.
2. Eg meiner at ein må sjå på landet Noreg som ein butikk. Økonomi.
Pengar. For å sei det sånn, eit styre i ei teknologibedrift beståande av
offentleg tilsette og politiske broilarar? Ikkje i mi bedrift...
3. Kan det vere eit sjukdomsteikn for demokratiet i si noverande form at
ingen parti kjem over 30% oppslutnad? jfr. pkt.1.
4. Er morosamt/trist/"hva" å sjå eit forsvar for dagens system. Har du
nokre idear om korleis oppnå handlekraft for politikarane? Sperregrense på
10%? Kvotering av yrker/utdanning? Skilje mellom lovgivande- og
økonomiskmakt?
5. Ein ting er iallefall klart for mange teknologar: Det finst ikkje
interesse for teknologi blant mange som har påverknad i høve midlar til
forskning. Det har jo kanskje sitt utspring i at det er få med teknolog
bakgrunn i desse rekkjene?
6. Uansett kjem olje-Noreg [el. Ny-Qwait] til å gå på dunken sånn som det
ser ut idag. Eg kjem til å klare meg. Verre med dei som kjem etterpå.
Framtidsutsiktene er ikkje så verst heller med tanke på mi eiga utdanning.
BLIR det krise så kjem eg til å arbeide som realfaglærar i skulen...
helsing arrogant vestlending
Anders Stav