ref: UA, Portrettet, 23.03.2003.

Anders Stav andes at stud.ntnu.no
Mon Mar 24 01:51:04 2003


Det som sit igjen etter å ha lese om Rana Rezek [ref: UA, portrettet,
23.03.2003] 
er ei lei kjensle av å ha svikta. Kjenner meg lei på at personar skal
måtte oppleve slikt. Det er alltid kjedeleg å bli gjort merksam: "ja, no
unge mann, no har du trakka NN på tærne." Det som er kjedeleg her er at
det så sant som det er sagt når sjalet eller skautet kjem på, så lyser det
med ein gong: "MUSLIM...MUSLIM..." Tenkjer no eg. Det er sant at eg ser
litt rart på ein "hijab" og desse skjerfa.
2. Å prøve å ta sjalet...Umodent. At folk ikkje eig skam i livet. Hadde
dette vore i grunnskulen (repetivt [de ser poenget mitt...]) ville
merkelappen "mobbing" vore der. 
3. Vel...rasisme. Å sjå vekk? Veit ikkje heilt. Eit betre alternativ enn å
nistirre? Eg likar å tru om meg sjølv at eg er nysgjerrig. Det var ikkje
VELDIG mange skjerf og skaut i min oppvekst [i Sogn & Fjordane]. 
4. Vi veit at ho har blitt spurt: "Kvifor kom du hit?" Eit legitimt spm.
spør du meg. Vi får ikkje vite noko om omstenda rundt i stor grad. Kun at
det har si opprinning i at ho bad om at førelesinga gjekk på engelsk.
5. Er dette portrettet laga for at NTNU skal bli eit "internasjonalt"
universitet og ha undervisning på engelsk?