kvantitetsreformen

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200310 at pvv.ntnu.no
Mon Mar 10 11:36:04 2003


I artikkel <b4feni$hg2$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Sindre Balas <balas@stud.ntnu.no>:

> Budsjettet økte med omlag 250 millioner til 2,3 milliarder.

Då lurer eg på kvar pengane har teke vegen. Ved eit institutt som eg har
kjennskap til, er situasjonen no slik at det å gjennomføra sensur ved
komande eksamen vil føra til stort underskot på budsjettet (trass i at me
berre har mars enno). Å tilsetja nye fagfolk for å oppfylla krava i
kvantitetsreforma ville ha ført til konkursliknande tilstandar.

Er det nokon som har oversikt over kvar pengane landar?

Og er det nokon som veit om den rapporterte budsjettauken er 
omstillingsmidlar eller konstante midlar? (Omstillingsmidlar er typisk 
dårleg eigna til å tilsetja nye folk, sidan ein då må seia opp dei nye 
folka når omstillingsmidlane tek slutt.)

Jardar