Sensurfrist

Ove Kristian Haugaløkken ove.haugalokken at plu.ntnu.no
Mon Jun 30 21:46:03 2003


Anders Gjendemsjø:
Etter å ha vore faglærar ved NTNU i over 10 år kan eg fortelja deg at mi
kontakt med Eksamenskontoret ikkje er avgrensa til ein enkelthenvendelse
om paragraf 50 i Lov om universiteter og høgskoler. Eg har alltid fått
utfyllande svar på det eg har spurt om. I Geir Frode Lunden sitt høve tok
han opp "... kva som står i denne lova og som omhandlar sensurfrist." På
grunnlag av svaret seier han: "Dette er ikkje bra av NTNU og vitnar om
mangel på kompetanse hjå eksamenskontoret." Eg fekk altså eit svært klart
og utvetydig svar på det same. Mitt poeng er at Lunden burde spara seg
debattinnlegget til han fekk noko å skrive om.
Ove Haugaløkken




Anders Gjendemsjø wrote:

> Eksamenskontorets generelle kompetanse kan vel vanskelig vurderes
> ut i fra enkelthenvendelser til dem?

> (Som både Geir Frode Lunden og Ove Haugaløkken har gjort.)

> Anders

> On Mon, 30 Jun 2003, Ove Kristian Haugaløkken wrote:

> > Geir Frode Lunden:
> > Eg prøvde ein gong å få utvida sensurfristen med eit par dagar - det var
> > vanskeleg å koma i mål med alle oppgåvene som eg var sensor på. Frå
> > Eksamenskontoret fekk eg klår melding: Sensurfrista var tre veker. Det var
> > berre i tilfelle sjukdom med sjukemelding at det kunne vurderast å la det
> > gå over frista. Konklusjon: Ved Eksamenskontoret kjenner ein svært godt
> > til lovverket. Det er innlegget ditt som er på grensa til det pinlege. Som
> > student ved NTNU burde du stille med betre dokumentasjon før du rykkjer ut
> > med såpass kraftig skyts, og klagar Eksamenskontoret for manglande
> > kompetanse.
> > Ove Haugaløkken
> >
> >
> > Geir Frode Lunden wrote:
> >
> > > I lov om universiteter og høgskole står det at sensuren skal leggjast
fram
> > > innan tre veker etter at du har gjennomført eksamen.
> >
> > > "§ 50. Eksamen og sensur
> >
> > > 4. Sensuren skal foreligge innen tre uker hvis ikke særlige grunner gjør
> > > det nødvendig å bruke mer tid. Styret selv kan gjøre unntak for
> > > enkelteksamener og kan i midlertidig forskrift etter nr. 61 fastsette en
> > > lengre frist når det ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte
> > > sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker. Styret selv
> > > kan i forskrift etter nr. 61 fastsette lengre frist for avhandlinger og
> > > tilsvarende større skriftlige arbeider."
> >
> > > Mange studentar får sensuren innan fristen, men ikkje alle.
> >
> > > Eg ringte til eksamenskontoret og spurde kvifor NTNU bryt denne
> > > sensurfristen. Dei skulda på institutta, greit nok. Men då eg spurde
> > > eksamenskontoret om kjenner til paragrafen, vist ovanfor, fekk eg til
svar
> > > at dei var heller usikre på den! Slikt går berre ikkje an!
> > > Eksamenskontorets oppgåve er jo nettopp å vite kva som står i denne lova
> > > som omhandlar sensurfrist. Dette er ikkje bra av NTNU og vitnar om mangel
> > > på kompetanse hjå eksamenskontoret.
> >
> > > Beklagelig, pinleg og skandaløst!
> >
> >
> >