Sensurfrist
Anders Gjendemsjø
gjendems at stud.ntnu.no
Mon Jun 30 16:56:04 2003
Eksamenskontorets generelle kompetanse kan vel vanskelig vurderes
ut i fra enkelthenvendelser til dem?
(Som både Geir Frode Lunden og Ove Haugaløkken har gjort.)
Anders
On Mon, 30 Jun 2003, Ove Kristian Haugaløkken wrote:
> Geir Frode Lunden:
> Eg prøvde ein gong å få utvida sensurfristen med eit par dagar - det var
> vanskeleg å koma i mål med alle oppgåvene som eg var sensor på. Frå
> Eksamenskontoret fekk eg klår melding: Sensurfrista var tre veker. Det var
> berre i tilfelle sjukdom med sjukemelding at det kunne vurderast å la det
> gå over frista. Konklusjon: Ved Eksamenskontoret kjenner ein svært godt
> til lovverket. Det er innlegget ditt som er på grensa til det pinlege. Som
> student ved NTNU burde du stille med betre dokumentasjon før du rykkjer ut
> med såpass kraftig skyts, og klagar Eksamenskontoret for manglande
> kompetanse.
> Ove Haugaløkken
>
>
> Geir Frode Lunden wrote:
>
> > I lov om universiteter og høgskole står det at sensuren skal leggjast fram
> > innan tre veker etter at du har gjennomført eksamen.
>
> > "§ 50. Eksamen og sensur
>
> > 4. Sensuren skal foreligge innen tre uker hvis ikke særlige grunner gjør
> > det nødvendig å bruke mer tid. Styret selv kan gjøre unntak for
> > enkelteksamener og kan i midlertidig forskrift etter nr. 61 fastsette en
> > lengre frist når det ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte
> > sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker. Styret selv
> > kan i forskrift etter nr. 61 fastsette lengre frist for avhandlinger og
> > tilsvarende større skriftlige arbeider."
>
> > Mange studentar får sensuren innan fristen, men ikkje alle.
>
> > Eg ringte til eksamenskontoret og spurde kvifor NTNU bryt denne
> > sensurfristen. Dei skulda på institutta, greit nok. Men då eg spurde
> > eksamenskontoret om kjenner til paragrafen, vist ovanfor, fekk eg til svar
> > at dei var heller usikre på den! Slikt går berre ikkje an!
> > Eksamenskontorets oppgåve er jo nettopp å vite kva som står i denne lova
> > som omhandlar sensurfrist. Dette er ikkje bra av NTNU og vitnar om mangel
> > på kompetanse hjå eksamenskontoret.
>
> > Beklagelig, pinleg og skandaløst!
>
>
>