Sensurfrist

Ove Kristian Haugaløkken ove.haugalokken at plu.ntnu.no
Mon Jun 30 12:16:08 2003


Geir Frode Lunden:
Eg prøvde ein gong å få utvida sensurfristen med eit par dagar - det var
vanskeleg å koma i mål med alle oppgåvene som eg var sensor på. Frå
Eksamenskontoret fekk eg klår melding: Sensurfrista var tre veker. Det var
berre i tilfelle sjukdom med sjukemelding at det kunne vurderast å la det
gå over frista. Konklusjon: Ved Eksamenskontoret kjenner ein svært godt
til lovverket. Det er innlegget ditt som er på grensa til det pinlege. Som
student ved NTNU burde du stille med betre dokumentasjon før du rykkjer ut
med såpass kraftig skyts, og klagar Eksamenskontoret for manglande
kompetanse.
Ove Haugaløkken


Geir Frode Lunden wrote:

> I lov om universiteter og høgskole står det at sensuren skal leggjast fram
> innan tre veker etter at du har gjennomført eksamen.

> "§ 50. Eksamen og sensur 

> 4. Sensuren skal foreligge innen tre uker hvis ikke særlige grunner gjør
> det nødvendig å bruke mer tid. Styret selv kan gjøre unntak for
> enkelteksamener og kan i midlertidig forskrift etter nr. 61 fastsette en
> lengre frist når det ikke er mulig å skaffe det antall kvalifiserte
> sensorer som er nødvendig for å avvikle sensuren på tre uker. Styret selv
> kan i forskrift etter nr. 61 fastsette lengre frist for avhandlinger og
> tilsvarende større skriftlige arbeider."  

> Mange studentar får sensuren innan fristen, men ikkje alle. 

> Eg ringte til eksamenskontoret og spurde kvifor NTNU bryt denne
> sensurfristen. Dei skulda på institutta, greit nok. Men då eg spurde
> eksamenskontoret om kjenner til paragrafen, vist ovanfor, fekk eg til svar
> at dei var heller usikre på den! Slikt går berre ikkje an!
> Eksamenskontorets oppgåve er jo nettopp å vite kva som står i denne lova
> som omhandlar sensurfrist. Dette er ikkje bra av NTNU og vitnar om mangel
> på kompetanse hjå eksamenskontoret. 

> Beklagelig, pinleg og skandaløst!