Sensurfrist
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Tue Jun 17 21:26:04 2003
>
Geir Frode Lunden skreiv først:
>
> Mange studentar får sensuren innan fristen, men ikkje alle.
>
> Eg ringte til eksamenskontoret og spurde kvifor NTNU bryt denne
> sensurfristen. Dei skulda på institutta, greit nok. Men då eg spurde
> eksamenskontoret om kjenner til paragrafen, vist ovanfor, fekk eg til svar
> at dei var heller usikre på den! Slikt går berre ikkje an!
> Eksamenskontorets oppgåve er jo nettopp å vite kva som står i denne lova
> som omhandlar sensurfrist. Dette er ikkje bra av NTNU og vitnar om mangel
> på kompetanse hjå eksamenskontoret.
>
> Beklagelig, pinleg og skandaløst!
og så litt seinare som svar til Ystenes:
>
> Nei, eg har ikkje lese Dagbladet og tek sjølv med ei klypa salt det media
> skriv og gjer. Med dei tre orda eg uttrykte meg på, viser eigentleg
> kunnskapen som sit hjå dei ved eksamenskontoret. Eg er ein årvåkande
> student som er høfleg prøver å få svar på ein del ting dei på
> eksamenskontoret burde vite, og det som omhandlar sensurfristen.
Kvifor burde eksamenskontoret vite dette på ståande fot?
Kanskje dei har heilt andre ting som er viktigare? Til dømes å gjennomføre
eksamen, syte for at alt kjem dit det skal, osv.
Du må tøye ansvaret temmeleg langt for at du skal kunne krevje at det når som
helst er nokon tilgjengeleg som veit innhaldet i alle lover og forskrifter som
gjeld det dei driv med. (Skal vi prøve det same overfor studentane?)
Dei har rutiner å arbeide etter som skal sikre - så langt kontoret kan - at
reglane vert etterlevde. Du krev i tillegg at dei skal sitje klare til å
forklare kvifor rutinene er slik dei er. Det kunne sikkert eksamenskontoret
gjort. Det ville kosta pengar, og du kunne sikkert rekne det om i
student-assistentar eller noko anna.
Eksamenskontoret kjenner godt til sensurfristane. Men du kan ikkje krevje at dei
skal gje seg til med fintolking av (mogeleg uklare?) spørsmål over telefon.
Dersom det er viktig å få eit svar, har NTNU (minst) ein jurist i
administrasjonen.
Elles har Ystenes rett i det han skriv om (u)mogeleg praktisk gjennomføring
av 3-vekersfristen. To-timarseksamen utan ekstern sensor ville løyst det
problemet. Men kanskje ikkje gjort saka noko betre.
Ivar S. Ertesvåg