Midtsemesterprøver
Helge Langeland
helge.langeland at ipt.ntnu.no
Fri Jun 13 09:21:03 2003
Bjørnar Holmem wrote:
> Elin Sundmoen Bakås <bakas@stud.ntnu.no> wrote:
> > Og jeg syns det er
> > kjempebra å få flyttet mest mulig av evalueringen vekk fra den avsluttende
> > eksamen. For da for man vekk mye av det psykiske presset som ligger på oss
> > som studenter i denne hektiske perioden hvert semester. Spesielt nå som
> > arbeidsmarkedet tetner seg til, så blir karakterene viktigere, og man
> > legger hardere press på seg selv. Noe som som regel resulterer i dårligere
> > resultater, da man ikke sover, ikke spiser og ikke hviler nok disse ukene.
> > Jeg har selv opplevd å spy av nervøsitet før eksamen, og hysterisk grining
> > siste kvelden er heller ikke uvanlig.
> Kan ikkje sjå at det blir så mykje betre av å få to ekstra
> eksamensperiodar i året - spying og grining i oktober og mars attåt den
> vanlege eksamensperioden. Det vil vere eit psykisk press ved evaluering /
> eksamen uansett kvantitetsreform eller ikkje, så midtsemesterprøve er inga
> løysing på dette. Ikkje er eg så sikker på at det er einsidig negativt
> heller med litt press - det er bra å pushe seg sjølv litt av og til (sjølv
> om spying og grining vel er i kraftigste laget).
> mvh
> --
> Bjørnar Holmem
> 12inches.come.to * bjornar.holmem@samfundet.no * 996 28 226
Eg har brukt semesterprøver nokre gonger i mine fag, og det gjev ein
positiv effekt på læringa. Studentane kjem tidlegare i gang med
læringsprosessen. Dette gjer at dei får lenger modningstid på stoffet, og
dei får med seg mykje meir av emne som byggjer på det som er forelese
tidlegare - noko som er særs viktig i mine fag.
Semesterprøvar gjev studenane ei ei føling med korleis dei ligg an i høve
til det som er forventa av dei på prøvetidspunktet. Øvingane skal jo også
tene dette føremålet, men vi veit at det er så lett å koke ein gong, to
gonger...
Det blir meir realisme i det når ein må gjere noko som tel på karakteren.
I mine fag har vi gruppearbeid i prosjektøvingar, og vi har kvissar -
fleirvalgsspørsmål eller sant/usant.
Filosofien min er å dra full nytte av samarbeid i grupper med andre
studentar i semesteret, men evaluering som skal telje på karakteren bør
gjerast individuelt - t.d. på ein semesterprøve. Det er etter mitt syn
mest rettferdig. Dei som har arbeidt bra skal tene på det, og dei som
ikkje gjer det skal få føling med det - før det er for seint.
Helge Langeland