Sensurfrist

Geir Frode Lunden geirfrod at stud.ntnu.no
Wed Jul 9 17:31:03 2003


Eg ser i diskusjonen at det er kome ein del friske utspel etter at eg
starta denne tråda 16.06.03. Flott at personar innanfor NTNU systemet
engasjerer seg og takk for mange artige bidrag. 

Dessverre ser eg av diverse trådar at nokon har "manipulert" eller rota
litt med ein del tastetrykk kva utspel frå mi side angår. At eg brukte dei
"tre berømte orda" fortel ganske enkelt om eksamenskontoret, dette er
ikkje noko bevist tolking frå mi side heller.

Poenget med det heile denne tråda var å setja søkelys på eksamenskontoret
som ein institusjon i NTNU. Her er det ikkje tvil frå mi side: Dei som er
tilsett ved eksamenskontoret SKAL kunne paragrafen som omhandlar
sensurfristar. Eksamenskontoret skal fungere som eit opplysningsorgan for
tilsette og studentar ved NTNU. (Dei skal også sørge for informasjon til
studentar som treng tilrettelegging i undervisningssituasjon og
eksamenssituasjon).
Eg har bidrege med mange gode og konstruktive bidrag til eksamenskontoret
då eg sjølv har hatt tilrettelegging ved NTNU Dragvoll. 

Og; du treng for all del ikkje vere akademikar, betrevitar eller anna for
å forstå kva funksjon eksamenskontoret har og skal ha! Eg trur svært få
som har bidrege med sine innlegg her i denne tråda veit kva funksjon
eksamenskontoret eigentleg har!

Mvh
Geir Frode