Hurra for det nye karaktersystemet! Alle sk al stå på eksamen!
Jardar Eggesbø Abrahamsen
jardarab+news-200327 at pvv.ntnu.no
Mon Jul 7 14:36:04 2003
I artikkel <87fzlishxw.fsf@pvv.ntnu.no>
skreiv Øyvind Grønnesby <oyving+news@pvv.ntnu.no>:
> Og "tilfredsstiller minimumskravene" må da være verdt noe? Da er det
> vel klart at k >= D ikke gjelder for alle k.
Hm, eg har vore særs uheldig med ordvalet mitt, ser eg, der eg har brukt
ordet «minimumskrav» om karakterspennet A-D (minimumskravet for å få minst
D), medan akkurat det same ordet er brukt i kravspesifikasjonen for E.
Men no når me fyrst har fått fem høns, kan me like gjerne kakla litt
vidare. :)
Poenget er at slik D-krava er spesifiserte, so skal det godt gjerast å
stryka i det heile teke. Hadde eg forfatta karakterskalaen, ville eg nok
ha snutt oppned på D og E, _minst_. E er spesifisert noko diffust med
«minimumskravene» for å stå. Som faglærar veit eg at minimumskravet for å
stå er å ha ei viss, minimal oversikt, noko ein altso ikkje treng for å få
D, om ein skal taka D-spesifikasjonen på alvor.
Kanskje karakterskalaen rett og slett er ein parabel, med D som dårlegaste
karakter. Dei må ha hatt det moro, dei som laga han, iallfall.
Jardar