hvor mange studenter er det ved Draagvoll ?

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200249 at pvv.ntnu.no
Mon Jan 27 02:11:03 2003


I artikkel <b11src$4ka$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Håvard Ravn Ottesen <havard.ravn@ottesen.com>:

> I tallet studentar var "dei allmennvitskapelige studentane" i fleirtal.
> Ikkje alle gjekk på Dragvoll og ikkje alle var på lærestaden jevnleg.
> Dermed har kanskje (med urett) Gløshaugen stukke av med seieren som
> historisk "største" lærestad. I dag - med realfaga på Gløshaugen er det
> utan tvil dette som er største lærestaden

Eg trur dei må ha lagt til grunn i 1995 at NTH hadde større budsjett
(dyrare fag) enn AVH, i tillegg til at NTH hadde fag som ofte var enklare
å popularisera enn AVH, og «difor» var hovudprofilen «allereie» teknisk.

At AVH hadde internasjonalt respekterte fagmiljø, var liksom mindre 
viktig...

Medvitsnivået til dei politikarane som vedtok det dei vedtok, kan
illustrerast med han på Stortinget som eg spurde om korleis studiet i
norrønt språk kunne få ein teknisk-naturvitskapleg profil som skulle
støtta opp under NTNU-profilen. Han svara at det visste han ikkje, men at
dei vedtek mange ting der nede på Stortinget, at fagfolk seier at det
ikkje gjeng an, men når Stortinget vedtek det, so klarer fagfolka det 
likevel.

Mannen var forresten frå Arbeidarpartiet.

Jardar