Alle må endre passord - ZoneAlarm og brannmur i windows

Magni Onsoien magnio+news at pvv.org
Thu Jan 23 22:06:03 2003


"Stian G" <gardsvol@stud.ntnu.no> writes:

> Jeg gidder ikke starte en debatt, men kan si at jeg ser flg. fordeler:
> 
> (forutsetter Exchange Server)
> 
> - 1 - ett- program som gjør kalender, adressebok og e-post, samt
> møteplanlegging
> - felles database-basert lagring av alle slik data ==> enkelt å administrere
> - tilnærmet 100% webtilgang til alt nevnt i første punkt

(Målet mitt var og er ikkje å starte ein debatt, de kan late som eg heiter
Jane Doe og er ein vanleg NTNU-student viss min Linux-bakgrunn virker
forstyrrande for nokon :-))

Dei to siste fordelane over ser eg, det er driftsmessige fordelar - sjølv
om eg moglegeins (eg har ikkje drodla og teikna databasediagram av det) er
usamd i at det er naudsynt å ha det i ein felles database. Eg heller
kanskje meir til at ting bør vere modularisert slik at det er lett å
fjerne det ein ikkje vil ha - evt bytte det ut med noko anna. At
databasane er designa med same tankegang og på ein sånn måte at det er
lett å kombinere med andre databasar er naudsynt for dette - og
erfaringsmessig er det ikkje alltid slik sjølv i program som liksom høyrer
saman, samstundes som det kan vere trivielt å kombinere heilt ulike andre
program og t.d. ha felles autentisering og adressebok.

Det å ha eitt program som gjer alt saman er eit brukarargument (ikkje
brukar i negativ tyding :-) - men i motsetnad til drift), og her lurer eg
på om det er sånn at det heilt tydeleg er eitt program, med heilt felles
grensesnitt, eller om brukaren har ulike grensesnitt for dei (forskjellige
menyar og ikona på ulike skjermbilete) slik at ved å klikke på
kalenderikonet så sprett kalenderen med kalendermenyar opp, og skal han
lese mail så må han attende til mailskjermbiletet?

Eg trur eg ville funne fyrstnemnde rotete og komplisert - for mykje
informasjon presentert samstundes, rett og slett. Og med sistnemnde så er
det vel ingenting i vegen for å ha tre ulike program med feks. felles
statusikon på oppgavelinja? 

Litt av grunnen til at eg spør er at eg er interessert i om det er mogleg
å tilby ei løysing som tilsvarer Putlook på plattformer som av ymse
grunnar ikkje kan køyre Windows (og her snakker vi ikkje berre om
Linux). Viss det er riktig slik eg trur eg har skjønt det, nemleg at det
er praktisk å ha alt i eitt fordi det vert færre ikon og einheitleg
grensesnitt (samt fordelar for driftaren, men her er eg usamd med deg - og
sidan det er eg som skal drive alternativet anser eg mi løysing som
driftsmessig best ;-)), så burde det ikkje vere noko i vegen for å tilby
eit alternativ med eit anna mailprogram og ein kalender, som kan ha felles
kontaktdatabase og der kalenderen sender ut mail om møter og slikt.

Vert forresten mailen Outlook sender ut om møter parsa automatisk av
mottakande Outlook slik at eit møte du sender meg innkalling til, vil
hamne inn i min Outlook viss eg seier det er ok? (Teit spørsmål, men eg
finn ikkje att dei få møteinnkallingane eg har fått frå Outlook...)

> --
> Stian G
> - dum, inkompetent Outlookbruker...

Med tanke på andre .sig'ar eg har sett deg bruke, håper eg det midterste
ordet peikte på det siste ordet i setningen og ikkje på deg generelt ;-)

(Det er mogleg denne diskusjonen høyrer heime på ei anna gruppe, eg veit
berre ikkje kor. Så kanskje vi får diskutere IT her i dag i staden for
undervisning, forsking og økonomi :-))


Magni :)
-- 
sash is very good for you.