Alle må endre passord

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200249 at pvv.ntnu.no
Wed Jan 22 16:56:04 2003


I artikkel <pan.2003.01.22.13.46.58.98830.1237@svt.ntnu.no>
skreiv Sturla Molden <sturla.molden@svt.ntnu.no>:

> Hvorfor er passorda largra på en Windows-server?

Vart det ikkje vedteke for nokre år sidan, då, at det er Windows som skal 
vera standardplattform her på huset?

Eg hugsar satireslagordet «NTNU - NT, Not Unix» frå den tida...

> Hva gjør forresten NTNU for å sikre ansattes kontormaskiner?
> Mitt inntrykk er at flertallet bruker Windows-bokser uten noen
> form for sikring. Hvor mange kontormaskiner er beskyttet bak
> en velfungerende brannmur / pakkefiltrerende router? Hvor mange
> ansatte en "personlig brannmur"?

Neppe spesielt mange

Eg sit her på Mac, men køyrer MacOS 9. I MacOS X, som eg no har teke i 
bruk heime, er brannmur ein del av systemet, og er so lett å setja opp at 
sjølv ein gjennomsnittleg humanist kan få det til, trass i at det ligg 
unix i botnen.

> Når jeg kjører Windows på kontoret 
> gir ZoneAlarm meg beskjed om uønskete forespørsler et par ganger 
> i timen. En av mine kolleger har sett det samme.

Eg har ein dings som registrerer slik trafikk på spesifiserte portar. 
Port 80 er spesielt populær, men òg port 21, so det er ikkje tvil om at 
det finst folk som gjerne vil inn. So langt i dag har eg fått berre to 
førespurnader på 80 og éin på 21, og tykkjer det er litt lite.

Men men, om ingen har jobb til ein utdanna språkforskar, so er eg likevel 
arbeidslaus om ein månad, når stipendet mitt gjeng ut, og då er det ikkje 
lenger mitt problem...

(Øyh, eg _vil_ at det skal vera mitt problem! Kom og gjev meg jobb!)

Jardar