It's Learning
Ingar Pareliussen
ingar.pareliussen at chembio.ntnu.no
Tue Aug 12 17:26:06 2003
Kirsti Rye Ramberg wrote:
> Vi trenger ikke konsesjon fra Datatilsynet for bruk av
> læringsstøttesystemet, og vi trenger heller ikke egen "Melding om
> behandling av personopplysninger i henhold til personopplysningsloven § 31
> og helseregisterloven § 29" da vi går under den meldingen som sendes fra
> NTNU om databehandling i FS (Felles studentdatasystem). NTNU skal bruke
> opplysninger som overføres fra FS og inn i læringsstøttesystemet på en
> måte som er relevant for den undervisningen vi tilbyr.
Kva type data blir overført frå FS til dette eksterne selskapet? Eg ser
frå:
http://www.ntnu.no/lms/docs/lms.pdf
at det skal vere mogeleg å koble studentar og fag saman frå FS. Er dette
gjort ved
hjelp av studentnummer eller person-nummer? Blir det gitt informasjon om
tidligere
fag ein student har tatt? Er det mogeleg for faglærar å få informasjon om
tidligere
år?
> Vi har en skriftlig databehandleravtale med leverandøren av
> læringsstøttesystemet da vi vil bruke leverandøren som ekstern
> databehandler, noe vi har anledning til etter personopplysningsloven § 15.
Dersom it:solutions får data frå NTNU som dei samheld med data som dei
samlar inn
sjølve (igjennom it's:learning) kan det tolkast som ei samankopling av
databasar og
ikkje databehandling. Det ville vore interessant å vite kva datatilsynet
meinte om
tolkinga NTNU gjere her.
Eg synes å huske at NTNU (AVH?) fikk ei skrape den gangen dei prøvde å
hente
ut data frå nøkkelkortdatabasen for å sjå korleis studentar nytta
lesesalen. Korleis
skil den overvåkinga seg frå: "siste pålogging, antall pålogginger"
(https://www.its-learning.com/rules_page.aspx) på anna måte enn at
rørslene har
skjedd på verdsveven istaden for igjennom ei dør.
På https://www.its-learning.com/rules_page.aspx
Får ein mogelheit å velge:
*ingen* Velg hvem som får tilgang til personlig informasjon
(Administratorer vil alltid
ha tilgang)
Det kjem ikkje klart fram frå denne teksten kva personlig informasjon er,
ei heller
kven som er administratorer og når dei meiner det er greit å sjå studenten
i korta.
Eg bør til slutt sei at eg meiner at det er bra med nye måtar å undervise
og følge
opp undervising på. Det som ikkje er greit er å samle informasjon fordi
ein kan
gjere det. Informasjon som blir samla i eit slikt system bør vere av det
slaget som
kan hengast opp på oppslagstavla på stripa utan at det verkar oppstyr
eller bryt
lova.
Ingar Pareliussen
Stipendiat, Biologisk institutt.