It's Learning
Magni Onsoien
magnio+news at pvv.org
Fri Aug 8 15:01:03 2003
Anders Gjendemsjø <gjendems@tele.ntnu.no> writes:
> Og har NTNU lov til å tvinge studentene til å samtykke?
Tidlegare denne veka stoppa (utsatte) Datatilsynet eit forsøk i bla
Trondheim kretsfengsel der fangar dømd for seksualbrotsverk skulle
kastrerast (kjemisk). Dette vart gjort fordi ein fange visstnok hadde fått
lovnad om prøvelauslating dersom han samtykka i kjemisk kastraksjon, og
dette var ikkje tillate, sa tilsynet. Det var ikkje lov å lokke med
belønning for samtykke til innsamling av sensitive opplysningar.
http://www.adressa.no/trondheim/article.jhtml?articleID=435785
Det er kanskje _litt_ drøyt å samanlikne med dette, men på sett og vis
synes eg det vert riktig: det å få lov å fullføre studiet er på sett og
vis ei belønning, der du må samtykke i å gje frå deg masse opplysningar
for å få lov til å bli uteksaminert.
Viss nokon vil klage til Datatilsynet, så ver merksam på at det normalt
tek lang tid å få svar på skriftlege (herunder epost) henvendingar. Det
anbefalast å iallfall ta ein telefon fyrst dersom planen var å moglegeins
ta eksamen dette semesteret.
Magni :)
--
sash is very good for you.