Det akademiske kvarter

Jardar Eggesbø Abrahamsen jardarab+news_200242 at pvv.ntnu.no
Fri Oct 25 20:51:03 2002


I artikkel <apc007$aq9$1@tyfon.itea.ntnu.no>
skreiv Allan Krill <allan.krill@geo.ntnu.no>:

> Er det noen fordeler med å starte forelesninger og øvinger 15 minutter
> ETTER hver time heller enn presis på timen?

Er det nokon fordel med å avslutta førelesingane femten minutt før 
kvar time heller enn presis på timen?

> Er det slik også på andre
> skoler/universiteter?

Ja, om du med «skoler» meiner høgskular. Grunnskular, vidaregåande skular
og tradisjonelle lærar(høg)skular har andre klokkeslett å gå etter. Der eg 
gjekk på grunnskulen, var startklokkesletta 08.30, 09.25, 10.20, 11.20, 
12.15 og 13.10, om eg hugsar rett.

> Jeg synes det er en merkelig vane, som bør vurderes endret.  Det gir et
> uheldig signal: at starten på undervisning er ikke så presis og viktig som
> slutten av undervisningen (man slutter jo presis på timen). 

Er 12.00 meir presist enn 12.15? Kva då med togtider som 12.07? Den som 
kjem til perrongen kl. 12.08, har mist toget.

> Når aktiviteter annet en vanlig undervisning arrrangeres på universitetet
> (avtaler, møter, demonstrasjoner), er folk i tvil om det starter på timen
> eller kvart over timen.

Er dei? Når noko skal byrja kl. 12.00, er det vel vanleg å skriva «12.00».  
Når noko skal byrja kl. 12.15, er det vel vanleg å skriva «12.15».  Andre
tider vert det kalla inn til møte kl. «12.30». Sjølv me umatematiske
humanistane tykkjer at «00», «15» og «30» er presist nok til at det ikkje
kan misforståast, og dei fleste burde vel stilla sterkare enn oss på det
feltet.

Ja, med mindre ein er tilsett i NASA og skal senda ein sonde til Mars, då. 
:)

Jardar