Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på nettet ved UCSD?)

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Tue Oct 22 23:16:03 2002


"Norvald H. Ryeng" wrote:
> 
> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
> 
> > "Norvald H. Ryeng" skriv:
> >>
> >> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
> >>
> >> > At det var dette du ville fram til var ikkje så vanskeleg å forstå.
> >> > Men det er vanskeleg å sjå korleis løysingsforslag skulle vere laga
> >> > særskilt som saksdokument. (Teoretisk kan det naturlegvis tenkjast
> >> > unntakstilfelle der det er slik.) Vi har gått snart 10 runder i
> >> > ordskiftet utan at du har gjeve noko godt argument for det.
> >>
> >> Vi har gått alt for mange runder...
> >>
> >> Du hevder at løsningsforslaget er en del av en begrunnelsessak og dermed
> >> unntatt offentlighet. Men som jeg har skrevet tidligere, så er det ikke
> >> unntatt offentlighet. Det forventes den som ber om begrunnelse henter det
> >> selv fra en webside hvor det er tilgjengelig for alle. Det kan ikke kalles
> >> "unntatt offentlighet". At svarbrevet til et krav om begrunnelse er
> >> unntatt offentlighet betyr ikke at resten av saksgangen er det.
> >>
> >> Alt dette har jeg skrevet tidligere.
> 
> > sukk....
> > Eg vonar du les både lover og løysingsforslag betre enn det det her
> > ser ut til at du har lest det det eg har skrive.
> 
> Tidligere i tråden (mis)forstod jeg deg slik at LF var _laget for_ å
> brukes i begrunnelsessaker eller som fasit (for stud.ass.er). Du sier at
> det ikke alltid er tilfelle, og jeg får tro deg på det.

Det er vanlegvis ikkje tilfelle at dei vert laga (berre) for dette.
Hovudtanken er - som sagt - at studenten skal lære eitt og anna
(for LF til eksamen gjeld det seinare års studentar).

> 
> Men det er ikke til hinder for innsyn. Åvl. § 27 sier at "Vern etter denne
> lov er ikke til hinder for dokumentinnsyn etter forvaltningsloven og
> offentlighetsloven eller annen lovgivning." Det forstår jeg slik at alle
> dokumenter, også de som er vernet av åvl., skal være tilgjengelig for alle
> dersom de inngår i en forvaltningssak.
> 
> Dersom du kan vise at dette ikke er tilfelle, går jeg med på at loven ikke
> krever at LF skal være tilgjengelige.
> 

... med fare for å ta oppatt noko:

For det første: For at det i det heile skal vere snakk om innsyn
_etter_Offentlegheitslova_, kan det knapt vere noko anna enn
generelle retningslinjer for sensur/godkjenning. (Allmenn 
innsynsrett gjeld ikkje personlege grunngjevingar - dei er underlagt
teieplikt.) Om godkjenning av øvingar i det heile kjem inn som
_forvaltningssak_ er også eit spørsmål. Eg tvilar, men du kan evt.
ta det opp med ein jurist.

For det andre: §9 i Åndsverklova som seier at "vedtak av offentlig 
myndighet er uten vern etter denne lov...." osv. har eit 2.ledd 
som avgrensar dette unnataket slik at det berre gjeld åndsverk som 
er "frembrakt særskilt til bruk i dokumenter som nevnt i første ledd"

Dersom du greier å finne ein faglærar som lagar løysingsforslag berre
for å bruke det som _generell_ grunngjeving for sensur/ 
øvingsgodkjenning, har du heilt sikkert funne eit sjeldant unnatak.
(Til den bruken kunne han greie seg med mindre, og kvifor i all verda 
skulle han bry seg med å lage LF då?)  Kan hende du kan nå fram med
at dette sjeldne unnataka er underlagt innsynsrett -- men du har
framleis ei utfordring i å vise at han ikkje hadde andre tankar med
å lage LF.
Ut over slike teoretisk konstruerte tilfelle, gjer Offentlegheitslova
ikkje noko frå eller til. Det er svaret på det spørsmålet du
starta med.

Åndsverklova vernar først og fremst retten til offentleggjering,
utgjeving, gjere endringar, eksemplarframstilling, spreiing og anna 
utnytting. Når eit verk er offentleggjort (definert i §8), kan du
ta kopi til privat bruk (§12) og lovlege einskildeksemplar kan 
spreiast (§19) ved vidaresal eller utlån (ikkje utleige eller
organisert byttelån).

Så langt eg kan sjå i lova, har du ikkje _krav_ på å få sjå dei
lovlege einskildeksemplara som måtte finnast av offentleggjorde
verk. Det er eksemplareigaren som rår for dette. Og vil ikkje
opphavsmannen framstille fleire eksemplar, så er det retten hans. 

Faglærar kan altså med full rett halde att løysingsforslaget.
Men finn du ein student som har eit lovleg eksemplar av LF frå i 
fjor, kan du kjøpe eller låne dette. 


Ivar S. Ertesvåg