Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på nettet ved UCSD?)

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Sun Oct 20 20:41:04 2002


"Norvald H. Ryeng" skriv:
> 
> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
> 
> > Åndsverk som er utgjevne er _tilgjengelege_ for kven som helst etter
> > reglane i Åndsverklova. Offentlegheitslova - som du først spurde om -
> > gjer ingenting frå eller til.
> 
> Mitt poeng, uansett hvor dårlig jeg formulerte det, var at
> Offentlighetsloven gir rett innsyn i saksdokumenter. Dersom man har det,
> kan man gå rundt problemet med at www.koking.no ikke har innhentet rett
> til distribusjon. Da kan man nemlig henvende seg til universitetet for å
> få se løsningsforslaget. Dette var også bakgrunnen for debatten om
> hvorvidt LF er omfattet av Offentlighetsloven.

At det var dette du ville fram til var ikkje så vanskeleg å forstå.
Men det er vanskeleg å sjå korleis løysingsforslag skulle vere laga 
særskilt som saksdokument. (Teoretisk kan det naturlegvis tenkjast 
unntakstilfelle der det er slik.) Vi har gått snart 10 runder i
ordskiftet utan at du har gjeve noko godt argument for det.

Du har sjølv argumentert for at du lærer av løysingsforslag, og det er
hovudføremålet med dei. (Kva tid og i kor stor grad dei bør kome inn i 
læringsprosessen er eit heilt anna spørsmål.)

Når det gjeld www.koking.no, har dei ikkje innhenta løysingsforslaga 
ved å vise til innsynsretten, langt mindre fått medhald i at det kan 
gjerast slik.


Ivar S. Ertesvåg