Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på nettet
ved UCSD?)
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Fri Oct 18 12:26:03 2002
"Norvald H. Ryeng" wrote:
>
> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
>
> [ Mye tekst om LF som del av begrunnelse for underkjenning av øving ]
>
> >> Hvorfor vil ikke et løsningsforslag gitt ut på denne måten være omfattet av
> >> Offentlighetsloven?
>
> > Fordi det i dette tilfellet må oppfattast som ein del av den
> > personlege grunngjevinga du får.
>
> Dersom løsningsforslaget er en del av begrunnelsen, er det et dokument i
> en forvaltningssak og dermed omfattet av Offentlighetsloven.
"omfatta av" ja; men unnateke offentleg innsyn (par. 5a).
Dessutan: Sjølv om eit åndsverk er brukt i ei forvaltningssak, er
det framleis eit åndsverk.
>
> > Eit løysingsforslag kjem inn under lov om opphavsrett til åndsverk.
>
> Men hvem sitt åndsverk er det? NTNU eller den som har laget det?
>
Så sant ikkje anna framgår av lova med forskrifter: Den/dei som
har skapt det, eller den han/ho/dei har overført retten til.
Opphavsrettsinnehavaren kan også overføre retten til
eksemplarframstilling utan å overføre sjølve opphavsretten.
> Uansett hvem som innehar oppavsretten, har du tidligere skrevet at det er
> en del av begrunnelsen, og dermed viker Åndsverkloven til fordel for
> Offentlighetsloven.
Grunngjevinga er ikkje offentleg, sjå ovanfor.
Og den eine lova opphevar ikkje den andre.
Offentligheitslova gjev deg rett til innsyn i saksdokument,
ikkje nødvendigvis rett til "eksemplarframstilling". Dvs at når
forvaltningsorganet har nytta eit verna åndsverk er ikkje vernet
oppheva.
>
> > Du kan vise grunngjevinga til kven du vil. Men dersom du går så
> > langt som til å "framstille eksemplar" av eit åndsverk, må det
> > avtalast med den som har opphavsretten.
>
> Nei. Man har rett til å fremstille eksemplarer til personlig bruk. I
> tillegg gis det (pga. caching) implisitt tillatelse til
> eksemplarfremstilling når åndsverket gjøres offentlig tilgjengelig på
> nett, noe som er vanlig fremgangsmåte i de emnene jeg har hatt.
Dersom vi legg ut eit åndsverk på nettet har du lov til å framstille
eit eksemplar til personleg bruk, ja.
Men det er ikkje eit "implisitt" løyve til å lage kopiar til andre,
eller laste ned fila og legge henne ut på ein annan vevstad.
>
> Distribusjon av slike eksemplarer er en annen sak, men den
> problemstillingen er uaktuell så lenge løsningsforslaget er omfattet av
> Offentlighetsloven.
Men det er det altså (vanlegvis) ikkje.
Ivar S. Ertesvåg