Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på
nettet ved UCSD?)
Magni Onsoien
magnio+news at pvv.org
Fri Oct 18 10:41:03 2002
Harald Hanche-Olsen <hanche@math.ntnu.no> writes:
> Dette er helt i tråd med min egen holdning, men det er ikke jeg som
> bestemmer. Det vil også (tror jeg) ha den umiddelbare virkning at
> strykprosenten går rett til himmels. Eller tar jeg feil? Noen som
> har nok is i magen (og tilstrekkelig autoritet) til å foreslå at vi
> gjennomfører eksperimentet?
Du er faglærar, eg synes du skal forsøke å få teste ut dette. Lag same
øvingsopplegg som før, med dei same øvingstimane og LF og slikt, men la
øvingane vere frivillige. Då kan ikkje studentane seie at du har endra
opplegget slik at dei strauk - då er det eine og aleine deira ansvar å
kome seg gjennom det. Klarer dei ikkje det, vel, trist.
Eg trur diverre de må vere budde på ein større strykprosent dette året -
men kanskje vil den synke seinare, ettersom studentane faktisk må jobbe
ein del for å stå på eksamen - det er ikkje lenger nok å fosskoke øvingar,
kanskje lære bittelitt av det og så ha vanvittig flaks og få ei oppgåve
som var veldig lik den du fosskokte på eksamen. (Vel dei å frivillig
skrive av eit LF for å gjere eit desperat forsøk på å lære noko så er det
vel greitt nok :))
For min eigen del, i mi nokså begredelege matematiske karriere, var
obligatoriske øvingar eine og aleine eit press som fekk stresset mitt til
å auke mange hakk, eg lærte særs lite av dei. Det heile endte med at eg
kokte det aller meste (eg hadde jo ikkje snøring :)) for å få lov å gjere
eit forsøk på eksamen - og det gjekk som det burde gå: eg strauk :)
Hadde øvingane vore frivillige, hadde eg også stroke, men då hadde eg i
det minste sluppe stresset undervegs.
Elles er det vel (minst) eitt mattefag som i år har frivillig
mid-term-prøve eller noko slikt, der prøva tel som del av eksamen dersom
den bestås. Dette synes eg virker som ei bra løysing - då kan dei som
treng press på seg til å jobbe få dette presset og faktisk få uttelling
for det i form av at ein "del av eksamen" er bestått, medan dei som av ein
eller annan grunn ikke vil ha slikt press slepp det - før eksamendagen...
Magni :)
--
sash is very good for you.