Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på nettet
ved UCSD?)
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Thu Oct 17 21:00:09 2002
"Norvald H. Ryeng" skriv:
>
> Ivar S. Ertesvåg <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote:
>
> >> > "de generelle prinsipper ...." er ikkje noko løysingsforslag.
> >>
> >> Da bør NTNU informere faglærerne om det. De er nemlig av den oppfatning at
> >> LF + karakterfordeling ivaretar dette kravet.
>
> > Ein kan bruke eit løysingsforslag for å ivareta dette kravet.
> > Men ein _treng_ ikkje eit løysingsforslag for å ivareta kravet.
>
> Forstår hva du mener. Men nå må vi ikke falle helt av sporet her (jeg er selv skyldig i det):
> Hvorfor vil ikke et løsningsforslag gitt ut på denne måten være omfattet av
> Offentlighetsloven?
Fordi det i dette tilfellet må oppfattast som ein del av den
personlege grunngjevinga du får.
>
> > Ja, ein kan ha obligatoriske øvingar utan fasit/løysingsforslag.
> > Sensurrettleiing er noko anna.
>
> Er sensurrettledningen (som i praksis er LF) omfattet av Offentlighetsloven?
Sensurrettleiing er noko anna enn LF, også i praksis (Sjå det eg skreiv
i denne tråden tidlegare i dag; 17 Okt 2002 11:26:54 +0200).
>
> > Det finst neppe klare føresegner som gjev deg rett i at obligatoriske
> > øvingar juridisk sett er på linje med eksamen. Det må du evt. få
> > avklara ved ei runde i rettsapparatet, eller få Dept. til å lage eit
> > rundskriv.
>
> Karakter fastsettes av øvinger og eksamen (jf. studiehåndboken). I praksis gir godkjente
> øvinger deg rett til å gå opp til eksamen (dvs. man praktiserer bestått/ikke
> bestått-karakterer på øvinger). Er ikke da øvingene på linje med eksamener?
Som sagt... det finst neppe klare føresegner om dette.
Du kjem uansett ikkje noko lengre enn at du har rett på (personleg)
grunngjeving og og at oppgåvene evt. skal vere offentleg tilgjengelege.
>
> > Du må skilje mellom korleis det i praksis kan vere gjort, og kva
> > ein juridisk sett har rett til (Det var det siste du spurde om.)
> > Du kan framleis anke underkjenninga til faglærar. Han kan godt gje
> > forklaring utan LF.
>
> Men i praksis bruker de LF. Har faglærer da rett til å kreve at studentene ikke gir denne
> forklaringen (løsningsforlsaget) videre? Dersom jeg mottar en begrunnelse for min karakter,
> står jeg fritt til å vise den til hvem som helst.
Eit løysingsforslag kjem inn under lov om opphavsrett til åndsverk.
Faglærar kan ta kopi av eit åndsverk for å forklare karakteren din
(bokside med understrekingar, løysingsforslag, m.m.).
Du kan vise grunngjevinga til kven du vil. Men dersom du går så
langt som til å "framstille eksemplar" av eit åndsverk, må det
avtalast med den som har opphavsretten.