Koking (var: Ytringsfrihet eller sensur på nettet
ved UCSD?)
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Thu Oct 17 11:36:04 2002
Håvard Ravn Ottesen:
>
> Klipper bort en del av teksten nedenfor:
>
> Ivar S. Ertesvåg wrote:
> > Det er skilnad på eksamenssvar og eksamensoppgåve.
> > Det kan hende du kan bruke Offentlegheitslova for å få rett til å
> > sjå gamle (skriftlege) oppgåver. (Men kanskje rettsvesenet ville
> > meine at det var urimeleg om du skulle krevje at staben brukte tid på
> > å finne fram til oppgåver mange år tilbake.)
> > Eg kan ikkje bruke lova for å finne ut kva du presterte på den eller
> > den eksamen.
>
> Sammen med eksamenssettene skal det i mange tilfelle bli laget en såkalt
> sensurveiledning. Dette må vel sies å være en form for løsningsforslag.
> Sensurveilendingene er vel også offentlige dokumenter etter at eksamen er
> gjennomført?
Det kan hende at for fag med fleire klasser/fleire faglærarar med
same eksamen (Matematikk 1, ex.phil, osv) vert det laga slike dokument.
Det
ville m.a. vere ein måte å sikre at alle gjorde tilnærma like
vurderingar.
Men dei i dei fleste faga er det ikkje laga noko slikt. Faglærar og
sensor er kvar for seg ansvarleg for den karakteren dei set, utan
samordning før sensurmøtet.
Unnataket er dersom det er gjort feil i oppgåveteksten, t.d. slik
at oppgåva er inkonsistent - slikt skjer. Då kan det vere at
faglærar lagar ei (kort) ugreiing om dette, slik at sensor er klar
over korleis det heng saman. Dette dokumentet skal kanskje vere
offentleg tilgjengeleg - og vil iallefall vere tilgjengeleg for
studentar som ber om forklaring på karakteren.
Ofte lagar vi eit rå-utkast til løysingsforslag som vi brukar under
rettinga, og som vi også sender til sensor dersom han ber om det.
Dette er vanlegvis uferdig, og er først og fremst til støtte til
rettinga, ikkje ein norm for sensuren. Det er vanskeleg å sjå korleis
dette kjem inn under definisjonen av "dokument" i Offentlegheitslova.
Ivar S. Ertesvåg