Samarbeid om mellom universitet (dr. m.m.)
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Tue Oct 1 14:31:02 2002
Bård Kjos skriv:
>
> Ivar S. Ertesvåg wrote:
> >
> > Finst det mekanismar i universitetssystemet som registrerer at
> > ein professor ved eitt universitet er medrettleiar for ein
> > kandidat ved eit anna universitet?
> > Dvs. får institutt/fakuletet/universitet der medrettleiaren
> > kjem frå noko kreditt ("produksjonspoeng") for dette
> > (i utdanningsstatistikken, og dermed også økonomisk),
> > eller får heime-universitetet all æra?
>
> Ikke meg bekjent,
Eg må vel tilstå at eg har lite kunnskap om kva "deg bekjent"
inneber...
og det er kanskje fordi....
>
> > Til jamføring:
> > For publikasjonar med forfattarar frå to institusjonar,
> > er det slik at begge får full utteljing av "produksjonspoeng"
> > for ein sams artikkel.
>
> ..man generelt får den kreditten man får nettopp ved at man gjerne blir
> kreditert som MEDFORFATTER av og til når man er medveileder? I hvert fall
> er det så vidt JEG vet normal kotyme å kreditere ikke bare de som fysisk
> har SKREVET en artikkel (eller korrekturlest den), men også de som har
> bidratt med ideer til de(t) eksperiment(er) artikkelen rapporterer fra?
>
> Hvis medveilederrollen ikke har resultert i medforfatterskap må det vel
> enten skyldes at studenten ikke har vært så god som man hadde håpet og
> kanskje ikke publisert noe (slikt skjer jo både ute og hjemme), eller det
> må skyldes at medveiledningen ikke har vært av betydning for kandidatens
> forskningsarbeid, og at den følgelig heller ikke bør være kredittverdig?
Alt dette er greit nok (sjølv om det er ulike tradisjonar for
publisering, og det kan vere grunnar til at publiseringa ikkje alltid
er like stor).
Men i tillegg til kreditering for medforfattarskap er det også både
meritering og pengar knytt til det å utdanne ein dr. NTNU delar
ut poeng for både artiklar og kandidatar, men kandidat-poenga berre
til hovudrettleiar (og instituttet hans). Kor viktig dette er varierer,
men særleg det med formell meritering kan vere meir viktig andre stadar
(land) enn her. Så langt eg veit, vil NTNU ikkje registrere noko om at
eg var medrettleiar ved ein anna universitet (eller ved eit anna
institutt på ntnu).
På ntnu er det "incentivmidlar" for kvar utdanna dr.ing. - 20-30000 kr,
trur eg - som går til hovudrettleiaren sitt institutt. (Reknar med at
det
same gjeld for dr.scient., dr.art., osv.). Det vil ein rimelegivs dele
med
andre medverkande, men det finst ingen reglar for dette.
Ivar S. Ertesvåg