Er NTNU sitt ansvar bevisst?

IvarS.Ertesvåg IvarS.Ertesvåg
Sat Nov 30 22:21:03 2002


Jon Fanebust wrote:
> 
> "Ivar S. Ertesvåg" <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote in message
> news:3DE69DA8.4814303@mtf.ntnu.no...
> 
> Jeg er i stor grad enig i det du skriver. Det jeg reagerer litt på er at man
> på den ene siden lokker 'alle' til studiene samtidig som man klager på
> nivået til dem man får inn. Kanskje har nivået ut fra videregående opplæring
> gått ned, ikke vet jeg. Sikkert er det i alle fall at NTNU må forholde seg
> til nivået til de som faktisk begynner hvert år. Hvis det er et problem at
> dette er for lavt bør man kanskje vurdere hvilke signaler man sender ut?

Det verkar som om nivået har gått ned på vidaregåande. Eg har ikkje 
lest av læreplanane, men det ser ut til at krava til dei flinkaste er 
lågare no enn for 15-25 år sidan. Det same gjeld ungdomsskulen. 
På den andre sida har det aldri før vore større krav om kunnskap for å 
overleve som bedrift i næringslivet. Denne kunnskapen er det m.a. 
ntnu-studentane skal stå for når dei kjem ut. Det _også_ må ntnu 
(og ntnu-studentane) forholde seg til.

"Alle" kjem ikkje inn. Ikkje på siv.ing.studiet iallfall. I år var
alle studieprogramma lukka (og du må uansett ha visse fag for å
sleppe inn).

Spørsmålet om "signal" er ikkje enkelt. Er ungdomar flest så naive at 
dei trur dei kan sove og feste seg gjennom eit studium? Nokon ville 
seie at det opplagt må vere ein del arbeid med eit studium - anten det 
er her eller der. Då kan det vere andre ting som avgjer valet.
Eg har ikkje laga desse brosjyrene - men tenkjer at slik har dei
kanskje tenkt dei som laga dei.

> 
> > Ved siv.ing.-studiet er det framleis belastningstimar. 2,5 vt = 12 Bt.
> > Det er rett nok kalla F+Ø+S, ikkje 2F+Ø+D slik det var før, men summen
> > er 12. Sjå i studieplanen. Eg har ikkje sett noko om at dette skal bort.
> > Og for ordens skuld: NTNU skal gå over til studiepoeng. 1 vt er
> > 3 studiepoeng (eller eitt år er 60 poeng). Det er ein (såkalla?)
> > internasjonal standard.
> 
> Høres bra ut (det er vel også poenget?). Sånn til alle praktiske formål her
> på haugen blir vel det meste som før?

nja... i den grad noko er som før - og eg har fått med meg all 
informasjon (det er ikkje sikkert): Det vert 4 * 12 t pr veke; men så
vert 
semesteret 3 (haust) eller 5 (vår) veker lengre utan at pensum skal
utvidast.