Er NTNU sitt ansvar bevisst?
IvarS.Ertesvåg
IvarS.Ertesvåg
Thu Nov 28 23:56:04 2002
Jon Fanebust skriv:
>
> "Ivar S. Ertesvåg" <ivar.s.ertesvag@mtf.ntnu.no> wrote in message
> news:3DDC079C.552E3328@mtf.ntnu.no...
>
> > Det er vanskeleg å seie noko om. Det er også vanskeleg å seie kva som
> > er "vanleg" belastning. Skal ein tru det som kjem fram i media, er
> > 37 timar meir enn det vanlege i mange tilfelle.
> >
> > Når du kjem ut i arbeidslivet, vil du oppdage at det er mange som jobbar
> > ein god del meir enn dei normerte 37,5 timane også. Ein del av dei
> > jobbar
> > på NTNU. I mange tilfelle er det utan ekstra betaling (både på og
> > utanfor
> > NTNU).
> >
> > Siv.ing.studiet ved NTNU konkurrerer ikkje om sosionom- eller
> > jus-studiet.
> > Konkurrentane er gjerne tilsvarande studium ved utanlandske universitet.
> > Der kan krava vere vesentleg strengare for å kome seg gjennom.
> > Du kunne t.d. høyre med nokon som har studert ved ein "ecole superior"
> > i Frankrike. (Mange stadar kan det vere 80-100% stryk, sjølv om
> > studentane heilt sikkert har jobba langt meir enn ein gjennomsnitts
> > NTNU-siv.ing.student.) Det vil vere desse studentane som kjem til å
> > jobbe for konkurrenten til det firmaet du kjem til å jobbe for.
>
> Enig med deg i at NTNU bør tilby en sivilingeniørutdanning som er
> konkurransedyktig i en internasjonal sammenheng. Poenget mitt var, som Vetle
> fikk frem, at et vekttall ikke nødvendigvis er et vektall, selv på samme
> universitet. Jeg vil videre anta at dette ikke er åpenlyst for alle søkere
> til sivilingeniørstudiene.
>
Eit vektal i eitt fag vil aldri vere heilt likt eit vektal i eit
anna fag. Det vil vere individuelle variasjonar. Du har sikkert
medstudentar i same fag som føler at faget er tyngre enn du gjer.
Ein annan ting, sidan eg snakka med ein psykologistudent i helga.
I Bergen er det 1200-1500 som tek psykologi grunnfag kvart år.
Dersom målet er å få ståkarakter - evt. ein middels karakter, er det
sannsynlegvis enkle vekttal. Men dersom du er ein av dei 200 som siktar
mot dei 36 plassane på profesjonsstudiet, er det lite interessant å
snakke om arbeidsbelastning. Då skal du har betre karakter enn dei 164
som ikkje kjem inn - og så får du jobbe deretter.
> Jeg tror kanskje at NTNU hadde tjent på å gå tilbake til systemet med
> belastningstimer (det er jo det systemet som rår nå også, bare at et fag pr.
> definisjon er 2,5 vt.), også i sin eksterne markedsføring. Da ville alle
> vite at studiestedet forutsetter at 48 timer i uken settes av til studier. I
> stedet fokuseres det i svært stor grad på UKA, Samfundet og det gode sosiale
> miljøet i Trondheim. Jeg mener ikke at det er feil å snakke om utenomfaglige
> ting i brosjyrer, men da må arbeidsbelastningen på studiene poengteres i
> samme åndedrag.
Ved siv.ing.-studiet er det framleis belastningstimar. 2,5 vt = 12 Bt.
Det er rett nok kalla F+Ø+S, ikkje 2F+Ø+D slik det var før, men summen
er 12. Sjå i studieplanen. Eg har ikkje sett noko om at dette skal bort.
Og for ordens skuld: NTNU skal gå over til studiepoeng. 1 vt er
3 studiepoeng (eller eitt år er 60 poeng). Det er ein (såkalla?)
internasjonal standard.
Studium kan vere arbeidskrevjande, eller nokså slappe - alt etter
evner og ambisjonar. Tidlegare var iallfall NTH kjend for å vere eit
studium som stillte krav til innsats. Det kan vel hende at dei som
eventuelt trur dei kan feste seg til ein grad, har bruk for å oppdage
gjennom praktisk røynsle at livet ikkje er fullt så enkelt.